Slik reingjer du huda med leire

Då eg var hestejente ergra eg meg stort over hesten min Ludvik, som alltid skulle rulle seg i den mest grisete leirepølen. Det irriterte meg ganske mykje faktisk, skal eg vere heilt ærleg. Eg var ikkje klar over dei positive effektane dette kunne ha på blant anna hud, hår og helse. Det eg tenkte på var kor lang tid eg måtte bruke på å børste Ludvik. Men etter å ha lært meir om reine naturprodukt har eg fått større forståing for hesten min Ludvik sin dragning mot leirepølen. No nyttar eg sjølv leire gonger for veka.

Det er ikkje berre dyr som har lang tradisjon med å bruke leire for å pleie hud og hår. Det er indikatorar på at homo erectus og homo neandertalarar blanda saman oker, eit jordaktig mineral med vatn og ulike typar leire for å kurere sår, dempe irritasjon og som ein metode for å reinse huda. Det er mogeleg dette var ein mimikk av dyr, som i likskap med hesten min Ludvik, instinktivt nytta mineral for slikt bruk.

Kommersielle hudpleieprodukt vs. DIY-hudpleie

Mange er av den oppfatning om at ein må kjøpe produkt med uleselege ingrediensar, flott emballasje og eksotiske luktar for at produktet skulle kunne hjelpe. Ein har gjerne over fleire år knytta til seg favorittar, som ein kvir seg på å fase ut. Sjølv brukte eg stadig større summar på hudpleie, medan huda mi blei meir og meir irritert. Kommersielle hudpleieprodukt vs. DIY-hudpleie er sjølvsagt samansett og ein kan ha gode og dårlege erfaringar med begge deler. Personleg har eg hatt god erfaring med å lese meg opp på min eigen hudtilstand og leite fram gode råvarer som kan bidra til ei god og sunn hud. Eg nyttar jamleg fleire typar leirer, og favorittane er rasoul- og kaolin-leira.

Leire er eit produkt av forvitra vulkansk oske. Foto: Yosh Ginsu

Men først, kva er eigentleg leire?

Mange typar leire er eit produkt av forvitra vulkansk oske, men dette gjeld ikkje alle typar leire. Leire er ei ganske stor gruppe og mange av dei blir forma av forvitring av stein. Eksepmelvis kjem bentonitt frå vulkansk oske, medan kaolin ikkje gjer det. Den vulkanske oska blir påverka av miljøet den er i over tid og dette dannar leiar. Det vil vere ulik i samansetning og struktur på leira etter kva unik mineralsamansetning det er på den aktuelle staden leira er henta frå. Det er difor viktig å vite kjelda til leira du nyttar for å kunne nytte leira til det fulle, og sjølvsagt unngå å bruke leira feil. Denne informasjonen får du av forhandlaren av leira du kjøper. Eksempelvis kan nokre leirer drikkast, medan andre ikkje bør drikkast. Denne posten har fokus på ekstern bruk. Dersom du ynskjer å lære meir om dette kan du lese om det i e-boka; How Clay Work (2015).

Leire er ein fornybar resurs i den forstand at den er eit resultat av forvitra vulkans oske. Utfordringa er at denne prosessen tek tid og kan slite med å halde tritt med dagens konsum. Minerala er ein ikkje-fornybar resurs, og ein viktig del av leira.

Dersom vi ikkje hadde hatt sluk i dusjen og i vasken som førte alt vatnet til kloakken, hadde mineralane mest truleg blitt tømt i området nært bustaden din og dermed hadde vatnet vi brukar til å vaske av leira tilført minerala til jorda. I staden blir mineralane ført ut med kloakken og hamna i havet eller i slammet frå kloakken. Dette gjeld også edelt metall. Tokyo fann dei 1,8290 gram gull kvar tonn oske etter brenning av kloakkslam (ps. i Norge blir ikkje dette brent men brukt som gjødsel). Til samanlikning henta ein ut 20 til 40 gram gull per tonn malm i dei store gullgruvene.

Rasoul-leire (Rhassoul clay)

Kjært born har mange namn, og denne leira blir kalla raud-leire, Marokkansk-leire eller Ghassoul-leire. Det er ei leire av høg kvalitet som er til ekstern bruk. Den er ubehandla og naturleg tørka, og gjev ei mjuk hud, og hevda å redusere kviser. Dersom du er sensitiv til ansiktsvask og ikkje likar å bruke olje (les tidlegare post om olje som hudvask) til ansiktsvask, kan rasoul-leira nyttast til nettopp dette. Den kjenst litt som ein lett skrubb med litt såpe i. Rasoul-leira er rik på silica, potassium, magnesium og kalsium. Fleire nettstader hevdar at kliniske studiar har funne at leira kan auke elastisiteten i huda, jamne ut hudtonen og redusere hudormar og kviser. Eg har ikkje funne referansen, so eg kan ikkje sei noko om kor vidt dette stemmer. Personleg har eg gode erfaringar med denne leira til hud og hår.

Rasoul-leira er brun på farge, og er fint til hud og hår. Den kan også nyttast som ansiktsvask. Foto: Isabell Winter

Bruksområde: Hår, ansiktsmaske, ansiktsvask

Grøn-leire (Fransk grøn leire)

Dette er ei leire som egnar seg for  normal til feit hud. Den skal hjelpe med å redusere hudormar og redusere akne. Sjølv om maska ikkje er av dei sterkaste, er ei maske ein bør vere litt forsiktig med dersom ein har sensitiv hud. Nokre nyttar også grøn leire som ingrediens i deodorant, tannpulver og tannkrem.

Bruksområde: Ansiktsmaske, deodorant, tannpulver, tannkrem

Ekstra fin bentonitt-leire

Zero Waste-entusiastar er ofte kjend med Bentonitt-leira og nyttar den blant anna som deodorant og tannpulver. I motsetning til natron som er salt på smak og som mange reagera på når dei smøre den over armhola, er bentonitt smaklaust og mildare for huda.

Bentonitt kan innehalde bly, det er difor svært viktig å kjøpe det frå ein truverdig kjelde. Dette gjeld spesielt om du kjøper leira frå utlandet. Styr vekk frå merke «Beste bentonitte clay».

Bruksområde: Ansiktsmaske, tannpulver, munnskyl, deodorant

Dette er kaolin-leire som er mild for huda. Leira blandast saman med flytande ingrediensar med skei i tre. Foto: Kristine Ullaland.

Kaolin-leire

Denne leira kjem i rosa, gul, raud og kvit. Fargen kjem av dei ulike mineralane leira består av. Dersom du har sensitiv hud er den kvite den mildaste av desse, og skal dempe raudfarge i huda, jamne ut hudtonen og mjukgjere huda. Mange fortel også at dei brukar denne til ung hud og barnerumper. I likskap med Rasoul-leira han også kaolin-leira nyttast som hårkur, og kan hjelpe ved problem i hovudbotn. I likskap med bentonitt-leira kan kaolin også nyttast til deodorant. Den er igjen mildare for huda enn bentonitt-leira og fjerna lukt.

Bruksområde: Hår, ansiktsmaske, ung hud, deodorant.

Oppskrift på deodorant

Kvar får eg kjøpt leire?

Spør din lokale Zero Waste-butikk eller helsekost. Dersom du må bestille, sel Teleurt, BeeOrganic og Be Eco dette. Då kjem leira i plast, pakka i papir. Teleurt pakkar om leira i butikken so spør gjerne om plastfritt alternativ.

Slik får du best resultat av maska

Ikkje la den tørke ut.

Maska er klar til å vaskast av når den byrjar å kjennast stram, sjølv om den er fuktig når du tek på den. Mange gjer den feilen at dei ventar til maska er heilt tørr. Då vil maska ha ein uttørrande effekt fordi den trekk ut for mykje fukt av huda di. La gjerne maska ligge litt kortare første gong du prøvar den, og prøv gjerne på handleddet før du tek det på ansiktet. Leire er naturleg, men det betyr ikkje at du ikkje kan få ein reaksjon.  

Kamille-uttrekk er mild og fint til bruk i ansiktsmaske. Passar for normal til tørr/ sensitiv hud. Foto: Ornella Binni

Unngå metall når du blandar saman maska

Metall reagera med mineralane i leira, unngå difor metall når du blandar saman maska og bruk ei skei i tre eller keramikk.

OPPSKRIFT

REINGJERANDE ANSIKTSMASKE AV LEIRE

1 ss. Pulver med leire

1 ts. Honning (alternativt)

1 ts. Næringsgjevande olje (eksempelvis kaldpressa oliven olje, mandelolje, avokado-olje, kokosolje, arganolje, hvetekimsolje)

½ ts. Uttrekk av urter (urte-te). Bland inn meir ved behov. Drikk resten.

Framgangsmåte

Bland saman ingrediensane i ein bolle i keramikk, glas eller tre og bruk ei skei i same material. Unngå å bruk metall. La det stå i ca. 10 minutt. Då skal leira ha absorbert vatnet. Rør om til alt er god samanblanda, og tilsett meir urte-te dersom blandinga er for fast. Når blandinga er klar skal den vere som ein vanleg ansiktsmaske i konsistens, og vere lett å ta på. Dersom den er for rennande kan du tilsette meir leire.

La maska sitte:

Rasoul-leire og bentonitt-leire: 8 – 10 minuttar

Kaolin leire og grøn leire: 15 minuttar

Kaolin for feit hud: 20 minuttar

Vask ansiktsmaska forsiktig av med vatn.

Toppfoto: Kristine Ullaland

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane, Kristoffer, Martin, Synnøve. Siri K., Therese, Solhild, Taryn, Rakel, Kristin, Ida og Siri T. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt gjerne Grønare kvardag på Patreon du også.

Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, eller ynskjer hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge. For foredrag om sirkulærøkonomi eller Zero Waste – book her.

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.