Zero Waste-støvlar

Det å kjøpe forbruksvarer kan vere komplisert greier. Kva skal ein velje når det kjem til varer som ikkje so lett fell tilbake til produksjonssirkelen eller tilbake til jorda på ein berekraftig, forsvarleg måte? Gummistøvlar er dårleg merka, og det er uklart kva materialar mange av støvlane faktisk består av. Dersom du ser etter nye gummistøvlar har du tre alternativ. Sjå kva som passar deg best.

Eg var lenge i fornekting over at eg var plaga med våte sko. Eg budde i mine brune converse-sko, og kunne ikkje førestille meg noko anna på føtene mine. Mor mi prata i fleire år om at eg måtte få meg nokre støvlar. Det var ikkje før ho kjøpte dei til meg og dei hadde stått og godgjort seg i gangen nokre månadar, at eg forstod det uunngåelege, at ho hadde hatt rett heile tida. Eg var so vand med å vere kald og våt på beina at eg ikkje ein gong hadde lagt merke til det. Då eg begynte å bruke støvlar varte også converse-skoa mine lengre. Vinn-vinn.

Men korleis velje berekraftige støvlar? Men dersom ein er opptatt av å velje produkt av kvalitet, som er laga på ein berekraftig måte, aller helst i materialar som kan gå tilbake til jorda eller tilbake til produksjonssirkelen på ein god måte, må ein ofte inngå nokre kompromiss.

Foto: Nqobile Vundla

Dei mest berekraftige støvlane er dei du allereie har

Når ein skal legge om til ein berekraftig livsstil køyre ein ofte automatisk etter det same mønsteret som ein er vand med – ein tenker gjerne at ein treng «noko nytt» for å «komme i gang». Du må sjølvsagt vurdere dette sjølv, men det mest miljøvennlege er ofte det du allereie har heime. Dersom du ikkje bruka støvlane dine, er det kanskje fordi dei ikkje passa skikkeleg eller at det er hol i dei. Dersom dei ikkje passa skikkeleg, kan ein god såle hjelpe deg, eller du kan selje/ gje vekk støvlane slik at dei kan få nytt liv hos nokon andre. Er dei for dårlege til å reparerast, må dei kastast som restavfall.

Hol i støvlane

Har du hol i støvlane dine? Du kan du bruke same lappeutstyr som du brukar til sykkeldekket ditt. Dersom det estetiske er viktig kan du forhøyre deg med din lokale skomakar for råd. Skomakarane kan fikse meir enn du kanskje trur. Har foret i joggeskoa dine blitt slitt vekk? Ta dei med i same slengen, for dette kan skomakaren også fikse.

Korleis få støvlane til å vare

For å forlenge haldbarheita til støvlane er det viktig å halde dei reine. Skitt kan tørke ut gummien og bidra til hol og sprekker. Dette er spesielt viktig dersom du ikkje bruka støvlane so ofte. Då kan dei gjerne sprekke når du begynne å bruke dei att. Det er tilstrekkeleg å vaske dei med vatn. Er dei vansklege å reingjere med reint vatn, kan du bruke ei mild såpe. La skoa tørke av seg sjølv, og halde dei vekke frå varme.

Foto: James Coleman

Unngå varme i golvet dersom du har støvlane rett på golvet. Sjølv om det ikkje er veldig vanleg, kan det bidra til at limen til sålen losnar. Dette er noko som er meir aktuelt for dine andre sko. Er det ikkje er eit alternativ å skru av varmen i golvet, eller flytte skoa til eit rom utan varme i golvet, kan du bruke ei skohylle.

For kjøp av nye støvlar:

Kamik tek i mot brukte støvlar som blir til nye støvlar

Det Kanadiske selskapet Kamik har ein Zero Waste-visjon for produksjon og tek i mot utslitne støvlar frå kundar, som blir til nye sko. Dei brukar resirkulert plast i produkta sine, heller enn jomfruelege råvarer. Deira svarte støvlar består av 98-100% resirkulert plast. Dette er eit stort steg frå 30-35% som er den vanlege resirkuleringsgrada for støvlar i syntetisk gummi (TPR), i følge Kamik. Det er ikkje alle støvlar dei produserast som kan resirkulerast, men dette finn ein oversikt over på deira nettstad, der dei også tilbyr veganske produkt. På eit år resirkulera Kamik gummi tilsvarande 150.000 gummistøvlar. Støvlane lagast i Nord-Amerika og emballasjen er laga av 100% resirkulerte og attvinnbare produkt, utan at det er spesifisert kva material dette er.

Kamik er ikkje veldig store i Norge, men har fleire utsalsstader, som XXL. Det er også fleire brukte alternativ på f.eks. Finn.no. Personleg føretrekke eg å kjøpe brukt i den grad ein kan, for då brukar ein resursar som allereie er i «loopen».

Utfordringa med støvlar i plastmaterial

Kamik har patentert sin syntetiske gummiblanding og gitt den namnet; RubberHe. Dette består av ein syntetisk gummi ved namn Thermoplast elastomer (TPR). Det er deira patente løysing som gjer at dei kan ha so høg resirkuleringsgrad. Ting TPR brukast til i dag er for eksempel mjuke delar på verktøy, tannbørste i plast og barberhøvel i plast, sportsutstyr, leikar og bilmatter. TPR går ikkje tilbake til jorda, og er avhengig av å komme tilbake til produksjonssirkelen når produktet er øydelagt, for å framleis vere eit berekraftig alternativ til tradisjonelle gummistøvlar. Tradisjonelle gummistøvlar som ofte består av ein miks av naturgummi og
syntetisk gummi og ender per dags dato i restavfallet.

Dårleg merking av støvlar i butikken

I forkant av denne posten, tok eg kontakt med fleire av dei store gummistøvelmerkene i Norge (august-okt 2018), fordi eg oppdaga at støvlane etter mi meining var svært dårleg merka. For eksempel fekk eg først inntrykk av at fleire støvlar, blant anna støvlane til Ilse Jacobsen, var av rein naturgummi/ naturkautsjuk, som er utvunne frå gummitre. Dette gjaldt fleire aktørar. Etter gjentatte forsøk på kontakt har eg ikkje fått svar av nokon, utanom Viking. Dei har ein miks på rundt 50% naturgummi og syntetisk gummi. Deira mest slitesterke støvel er jaktstøvlane til Viking (unisex. Nb. Desse er også merka som naturgummi, sjølv om dei også inneheld syntetisk gummi).

Nokre aktørar sletta mine førespurnadar utan å gje meg svar. Den manglande responsen var overraskande og skuffande. Dersom dette er slik dei hanskast med bevisste forbrukarar er det svært uheldig. Takk til Viking som var den einaste bedrifta som tok seg tid til å svare.

Foto: Christin Hume

Viking har ikkje ein miljøprofil som utmerka seg frå dei andre store aktørane i Norge, men fortel at dei jobbar med å bli betre på dette. Dersom ferdigproduserte støvlar ikkje held god nok kvalitet, blir dei nytta i anna produksjon som er hensiktsmessig for dette, som eksempelvis underlag og matter til bruk under leikestativ.

Støvlar med høg grad av naturgummi

For mange vil ein støvel av naturgummi vere å føretrekke, fordi ein gjerne ynskjer å ta avstand frå olje og petroleumsprodukt. Det er dessverre vanskeleg å finne ut i kva grad naturgummi er brukt. Når ein ser på ingrediensane til gummistøvlane, ser det ofte ut som dei består av rein naturgummi, men etter det eg forstår er det uvanleg med støvlar av rein naturgummi, fordi sluttproduktet blir tungt og får dårlegare eigenskapar enn dei meir moderne støvlane. Ein av aktørane eg har prøvd å kontakte er Aigle. Eg har funne ei side der det blir hevda at deira støvel består av 100% naturgummi, utan at eg har fått dette bekrefta av produsenten.

Etter å gjentatt forsøkt å få kontakt med Ilse Jacobsen, der det først såg ut som om støvelen var av rein naturgummi, ser eg no at dei har endra tekst på nettsida si. Der står det at det er 80% naturgummi og 20% hemmeleg oppskrift. Dette er mest truleg ein syntetisk gummi. Støvlane inneheld ingen animalske produkt og er fri for PVC. Per dags dato kjenner eg ikkje til andre aktørar som resirkulera gummistøvlar enn Kamik.

Oppsummering: Kva støvel skal eg velje?

Det mest miljøvennlege er det du allereie har. Dersom du ikkje bruka støvlane dine, finn ut kva som er grunnen og gjer noko med det. Dersom du skal kjøpe nye støvlar er Kamik det beste alternativet dersom resirkulering av støvlane er viktig for deg. Dersom du føretrekke produkt som ikkje kjem frå olje og petroleumsnæringa er støvlar med høg grad av naturgummi å føretrekke, som f.eks. Ilse Jacobsen. Sjekk først bruktmarknaden om det er nokre alternativ for deg der. Hugs å be om kvittering dersom skoa er under to år. I følge forbrukerkjøpslova har to to år reklamasjon. Alternativ to er å kjøpe nytt. Ta gjerne kontakt med produsent for å få konkret svar på blandingsforhalda dei nyttar til støvlane sine. Dette burde vere enkel informasjon å få inn på nettsidene deira.

Takk for at du les Grønare kvardag.

Toppfoto: Zach Reiner

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane, Kristoffer, Martin, Synnøve. Siri K., Therese, Solhild, Taryn, Rakel, Kristin, Ida og Siri T. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt gjerne Grønare kvardag på Patreon du også. Di støtte betyr mykje!

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s