Kategoriarkiv: Fyllepenn

Zero Waste-penn

Pennar er fort noko vi tek med oss frå konferansar, studiepakkar, reklamemateriell utdelt på gata, for å nemne noko. Men kor mange pennar treng vi eigentleg? I følgje China Daily produsera Kina om lag 38 milliardar pennar årleg. Dette utgjer 80% av kulepennane som blir produsert i verda. Vi er i skrivande stund 7,5 milliardar menneskjer på jorda, og berre Kinas årlege produksjon gjev oss i snitt 5 pennar kvar. Årleg.

Dei fleste pennar er ikkje mogeleg å resirkulere, og dei ender i restavfallet. Nokre pennar kan du resirkulere delar av pennen eller du kan nytte TerraCycle sine tenester.  Det beste er å unngå forbrukspennar og gå over til ein gjenbrukspenn. Fyllepennen er både fin og sjå på, og ved å velje den riktige pennen kan den også overgå dine gamle pennar i bruk.

Utfordringar med å velje penn når den skal passe til «alt»

Eg brukte om lag eit år på å bestemme kva penn eg skulle kjøpe, og eg kunne høyre mor mi si stemme i bakhovudet; «Hugs, det er ikkje eit livsval.» Til slutt bestemte eg meg, og trykte «kjøp» på ein vintage Watermarks fyllepenn, som ironisk nok var ein spesialpenn produsert i forbindelse med det franske flyselskapet Air France sitt jubileum på 70-tallet. Høgrehendt, med medium hand og ei uvane med å skrive litt for hardt, kalkulerte eg meg fram til at dette var pennen for meg.

Pennen har dei siste åra vore min faste følgesvein og eg har ikkje fått blekk på kleda mine, vore uheldig å mista pennen eller hatt problem med bruk. Eg opplev det ikkje lenger som eit problem at eg gløyme pennen fordi sidan eg berre har ein penn, veit eg alltid kvar den er. Kanskje fyllepenn er noko for deg også? Men korleis finne den riktige pennen?

Kva penn passar deg?

Dei aller færraste av oss har tilgang på masse fyllepennar som vi kan prøve, noko som er synd, for den beste måten å finne den perfekte pennen er å prøve. Det kan vere lurt å tenke over kva du skal bruke pennen til. Er det raske notat på ark som for eksempel er resirkulert, kan det vere lurt med ein stivare nib, som er tuppen på pennen. Ekstra fine nibs passar for dei med liten skrift eller til presist arbeid som krev rask tørketid. Dersom du er vand med 0.5 mm gel-penn kan dette vere noko for deg, men vil passe dårleg til dei med stor handskrift.

Medium-nib er den vanlegaste størrelsen. Den gjev meir blekk når du skriv, men dette kan justerast ved å lette trykket på pennen medan du skriv. Brei nib krev ofte eige papir, og er ikkje passande for folk som brukar resirkulert papir eller papir av tynn kvalitet. Brei nib passa for folk med stor handskrift som treng ein penn til notata, signaturar etc. Dersom du er usikker på kva nib som passa deg, kan ein pin penn med medium-nib kan vere ein god start. Spør gjerne seljaren om råd. Svært mange av dei som sel brukte pennar har mykje engasjement og kunnskap om pennane dei sel. Nibben kan også ofte bytast ut (video).

Nibben på fyllepennen kan byttast ut. Foto: Mik Izi
Spør ein (familie)ven

Dersom du tek deg ein ringerunde til familiemedlemmar er det ikkje utenkeleg at dei allereie har ein eller fleire fyllepennar liggande heime. Dersom du finn ein slik, vil du oppleve at den ikkje fungera spesielt godt. Det uttørka blekket er mest truleg mange år gammalt og pennen vil trenge ein vask for å kunne fungere godt. Vask då pennen med reint vatn. Ikkje bruk aceton eller anna reingjeringsmiddel med mindre det er høgst nødvendig.

Kva type fyllepenn skal eg velje?

Det finnast fleire ulike system. Her er nokre av dei:

  1. Cartridge – ferdigkapsla blekkpatronar som du puttar rett i fyllepennen. Ikkje eit godt Zero Waste-alternativ. Mange pennar som nyttar «cartridge»-systemet kan bli konvertert til refill-penn ved å sette inn ein «converter». Då kan du fylle på blekk sjølv. Systemet nyttar vakum. Sjå om det finnast ein «converter» som passa den modellen du ser på. Dersom du kjøper brukt kan du høyre med seljar om dette kan inkluderast i handelen. Sjå video først i teksten for å sjå korleis du fylle pennar med slikt syste.
  2. Piston – eit system som også bruka vakum, og har større kapasitet enn «converter». Ein favoritt blant mange, blant anna Zero Waste-pioneren Bea Johnson.
  3. Pump – som namnet tilseie, pumpar ein opp pennen med blekk, ved hjelp av vakum. Dette systemet har også større kapasitet enn «converter».

Kvar kan ein kjøpe fyllepenn?

Fann du ingen fyllepenn heime? Då er det nest beste alternativet å kjøpe brukt lokalt. Dersom det ikkje er mogeleg å finne noko i nærmiljøet er Finn.no og internasjonale sider som eBay sider som har større utval. Sjølv gjekk eg for ein brukt penn som eg kjøpte frå Tyskland, om eg ikkje hugsa heilt feil. Det er fordi eg meina at det er betre å kjøpe noko brukt og heller sende det, enn å kjøpe noko nytt i lokalområdet. Det er fordi eg då nyttar resursar som allereie er i omløp og som får eit nytt liv.

Dersom du ynskjer å kjøpe ein ny penn sel Norli ofte fyllepenn av merket Parker. Dei ligg på under 1000 kr noko avhengig av modell. Det beste er sjølvsagt om du får kjøpt brukt lokalt.

Pris og kvalitet

Sjå etter kvalitet – Pris og kvalitet heng ikkje alltid saman, men ofte, og då kan det vere dyrt å velje billig. Dersom du vel ein penn av dårleg kvalitet auka sjansen for blekksøl, eksempelvis. Mont Blanc, Waterman og Parker er alle i ulike prisklassar, men ligg ikkje på botn av prislista og har relativt god kvalitet. Merk at nokon modellar kan vere av ringare kvalitet, so søk gjerne opp modellen du vurdera på google. Det kan vere lurt å velje ein penn med gjennomsiktig blekkvindu, slik at du kan sjå når pennen bør fyllast på ny.

Vask fyllepennen i reint vatn for å fjerne gammalt blekk. Foto: Jibunkaiwai
Kva blekk kan ein kjøpe og kvar kan ein kjøpe det?

Det finnast forskjellige kvalitetar på blekk, som med alt anna, og det er difor viktig å kjøpe blekk som er laga for fyllepennar og som er av god kvalitet. Blekk som er laga for kalligrafi for eksempel, er ikkje egna fordi det vil tørke for fort og klogge opp pennen din. Blekk produsert av produsentar som Parker og Mount Blanc. Ei flaske blekk vil vare i fleire år, og du kan med fordel dele den med ein eller fleire vener. Personleg har eg hatt mi flaske i over 3 år og den er framleis full. Dersom du brukar blekk av høg kvalitet treng du kanskje sjeldan å vaske pennen din, men dersom du brukar billig blekk vil du mest truleg oftare oppleve at pennen tørkar ut. Vask då pennen med vatn.  Aktørar som sel fyllepenn sel blekk. Eg kjøpte mi flaske hos bokforhandlaren Norli.

Lykke til!

Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane, Kristoffer, Martin, Synnøve. Siri, Therese, Solhild, Taryn, Rakel, Kristin og Ida. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt gjerne Grønare kvardag på Patreon du også. Di støtte betyr mykje!

Toppfoto: Alvaro Serrano