Kategoriarkiv: Inspirasjon

Frå søppel til mat – Spiring av matavfall

Det er lett å drøyme seg vekk i vakre science fiction forteljingar, men få ting er so flott som å følgje naturen tett på, og det treng slett ikkje koste noko tid eller pengar. Lær deg korleis du enkelt kan spire ny mat av ting du tidlegare kasta i søppelet eller som du allereie har på kjøkkenet. Kanskje du ikkje ein gong treng å bruke jord?

Mykje av maten vi et til dagen kan faktisk spirast om att og plantast. Gulrøter, løk, purre, poteter, tomatar og chili er berre nokre av alternativa. Har du ein hjertesalat der du berre har att botnen/ rota? Sett den i vatn i vindauge. Skift vatn kvar dag, og sjå kor røtene spring ut samstundes som nye salatblad veks fram. Dersom du etter kvart vel å plante den om i jord, vil den kunne fôre deg med salat i lang tid. Tenk nytt om maten du tek i huset. Korleis kan du nytte den best mogeleg? Kva er kjekt å prøve ut? Kva kan du få til å vekse og kva får du ikkje til?

ZERO WASTE_Grønare kvardag_Kristine Ullaland_DIY_Paprika.JPG
Foto: Kristine Ullaland. Paprikaplante dyrka fram frå frø fra ein butikk-paprika. Alle dei 16 frøa som blei planta blei flotte plantar. Avokado er også ein fin plante å prøve seg fram med.
Løk

Visste du at spire av gul løk, rød løk og kvitløk kan etast? Det smakar ganske likt vårløk, og dersom du lar spirene vekse så vil det komme ein liten blome med masse frø. Løk kan plantast rett i potter, men kvitløken deler du opp slik at du plantar eit og eit fedd.  er også mulig å sette løken i vatn slik at røtene får vatn. Sjølv om det ikkje er noko røter når du byrjar, vil desse raskt vekse, og innan nokre dagar vil du sjå røtene og toppen av løken strekke seg. Purreløken kan behandlast på same måte. Kutt gjerne av 2/3 av toppen og sett botnen i vatn og la den slå røter. Plant den deretter botnen ut i jord. Hugs at plantane må ha dagslys. Du kan og sette purren i litt vatn og la den stå i kjøkkenvindauget, og forsyn deg med purreløk etter kvart, men purra vil etter kvart døy om den ikkje får jord. Den kan likevel halde det gåande ganske mange veker i vatn, om ein er flink å skifte vatnet dagleg. Løk er ein relativt enkel plante å eksperimentere med, og prøv deg litt fram. Involver gjerne vener, born eller naboar i prosjektet.

Salathovud kan og settast i vatn, same gjeld fennikel, selleri og liknande vekstar. Det fine med å gro ny mat av «gamal» mat, er at den held seg fersk lenge og når maten er i augesyn, er det ikkje so lett å gløyme den. Visste du forresten at asparges held seg lenger om du sett den i vatn? Tenk på den som ein bukett tulipan. Kutt av enden slik at røtene er friske og sett den i vatn, gjerne kjøleg. Kanskje den veks litt også? Sitrongras kan og spirast.

8387289496_0843774286_z
Foto: Jessica Merz. Den grøne spiren på løken kan du fint ete. Kva med å bruke det i ein salat, pai eller omelett?
Spiring

Tørre linser og bønner er frø som du kan spire. Kikerten får ein nøtteliknande smak ved spiring, og kan etast rå etter nokre dagar med spiring. Det seljast mange ulike spireglas, men du treng eigentleg ikkje noko anna en ein heilt vanleg behaldar. Eit syltetøyglas, til dømes, er heilt perfekt. Berekn litt ekstra plass slik at ertene har romsleg plass til å spire. Skyl morgon og kveld, og hell av vatnet. Dette vatnet kan med fordel brukast til å vatne plantane dine med. La kikertane stå i romtemperatur til dei har nådd ynskja størrelse, og sett dei so i kjøleskapet for å bremse prosessen. For å spire raudbetar og gulrot, legg toppen litt vant og skift ut vatnet ein gong for dagen. Du kan ete spiren. Om du har ein makkompost eller liknande, kan du legge toppen av raudbeten på jorda, kanskje det veks fram ein ny raudbete? Sjølv har eg hausta små poteter og raudbetar frå makkomposten, som eg har oppdaga ved ein tilfeldighet.

Frø

Vi hastar gjerne til gartnaren for å kjøpe frø på våren, men vi har faktisk allereie masse frø heile, det er berre det at vi ikkje tenker over det. Å sette ein avokadostein i vatn for å sjå om ein fekk den til å spire, var stor stas når eg var born. Eg hugsar det var veldig spennande å følgje med dag for dag, om det var skjedd noko nytt. Steinen blei etter kvart til eit lite tre med store mørke blader. Du kan og bruke frø frå til dømes paprika. Då tek du ut frøa og legg dei nokre dagar til tørk. Flytt litt på dei medan dei tørkar slik at dei tørkar under og. Det same gjeld tomatar. Tomat har ein slags gele rundt frøa, difor skjer mange tomaten i skiver og plantar dei slik, for so å flytte plantane/ luke vekk plantar etter kvart. Du kan eventuelt la tomatfrøa ligge i vatn ei vekes tid.  Andre frø som kan brukast frå kjøkkenet er til dømes squash, sitron, melon, kiwi, klementin, appelsin og graskar. Det kan og vere lurt å sjå i krydderhylla etter frø.

3966038306_126ef8c6cf_z
Foto: Michael Beart. Koriander kan dyrkast med frø frå krydderhylla. Planten treng gode lysforhald.
Knollar

Knollar som kan plantast er potet, søtpotet, ingefær og jordskokk. Du har kanskje sett poteta spire i kjøleskapet før. Kva med å plante den i ei potte? Søtpotet kan du spire på same måte som avokadoen. Du sett nåler eller tannstikker i sida på poteta slik at enden stikk ned i vatn og resten er over vatn. Poteta vil etter kvart byrje å spire. Plant den då om i jord. Ver obs på at det kan vere reglar mot å plante potet ute. Dette fordi poteta til dømes kan vere berar av sjukdom. Sjekk ut regelverket rundt dette før du plantar ute. Dette kan og gjelde andre plantar.

Butikkurter

Krydderurtene vi kjøper frå butikken har ein tendens til å døy raskt etter dei har kome i hus. Før desse plantane hamnar i butikken, har dei truleg fått mykje lys og liten plass, og akkurat nok næring til å klare seg ei lita stund. Difor har mange av desse plantane vanskeleg for å leve når vi tek dei med oss heim. Det skadar likevel ikkje å prøve å plante dei om i næringsrik jord (gjerne i «svart gull» frå makkompost) og gje dei meir plass. Basilikum til dømes, kan delast slik at kvar stengsel får sin eigen potte. Kvar stengsel er faktisk ein eigen plante som vil vekse seg stor. Når ein tek av urtene, er det viktig å plukke dei underste, nyare blada. Dei store blada er solpanelet til planten.

DSC_0141.JPG
Foto: Kristine Ullaland. Avokadosteinen blir til eit flott lite tre. Til høgre ser du basilikum, der kvar stengsel er planta i si eiga potte, som etterkvart vil vekse seg store.
 Jord

Ein god tommelfingerregel er at næringsrik jord gjev næringsrike plantar. Mykje av jorda vi får kjøpt på butikken i dag er laga av torv. Ikkje berre er dette ein dårleg deal for miljøet, det er og svært lite næring i jorda. Det beste er å kompostere si eiga jord, og kor kult er ikkje det å plante mat av og i matavfall? Alt rett frå kjøkkenet. Gode luktfrie alternativ for leilegheiter utan hage er makkompost og den japanske fermenteringskomposten Bokashi. Det skadar heller ikkje å ta ein kompostmakk eller to i pottene. Planten matar makken og makken matar planten. Vinn-vinn for dei og deg. Sjekk gjerne ut posten om urban dyrking for meir inpirasjon.

Lukke til!

Toppfoto: Kristine Ullaland

Fem grøne TV-tips

Føler du at du kastar vekk alt for mykje tid på å sjå film og TV-seriar? Ikkje har dårleg samvit. Film og tv-seriar er eit av vår tids viktigaste kulturutrykk og kan tilby ein sentral innsikt i dei ynskjer, idear og ideal som er i samfunnet. Sjå Grønare kvardag sine tips til filmar og seriar, og bli utfordra til nye tankar rundt klima, miljø og samfunn.

Filmfortellingane har overtatt mange av dei klassiske mytenes funksjonar, som nettopp var å gje oss ein felles grunn for å forstå og tolke verda vi lev i. Sett i eit miljøperspektiv; Kva utfordringar står vi ovanfor? Kva er verdifult for oss? Kva vegar kan vi (og bør vi) velje? Og kva framtid ynskjer vi?

Battlestar Galactica (IMdb)
Tv-serie frå 2004-2009

Battlestar Galactica stiller spørsmål til om vi bør finne ei løysing på klimautfordringane vi står ovanfor, eller om vi heller bør fokusere på å finne andre planetar vi kan leve på. Dette høyres svært science fiction ut men det er folk som jobbar med dette. Den 22. desember, 2015 kunne grunnleggaren av Tesla, Paypal og romfartsselskapet SpaceX, Elon Musk, melde at dei har fått til å lande ein rakett ved hjelp av rakettens eigen motorkraft. I følge Musk er dette det første skritt på vegen mot kolonisering av Mars.

I TV-serien Battlestar Galactica er koloniar i verdsrommet blitt kvardagsleg og menneska er godt etablerte. Jorda er uleveleg og menneska er på jakt etter ein ny planet å busette seg på. TV-serien er relevant som aldri før, og tek føre seg ulike utfordringar vi står ovanfor i dagens samfunn i tillegg til klima. Serien belyser til dømes utfordring med og behovet med å definere eit «oss» og «dei», filosofiske tankar rundt utvikling av kunstig intelligens og komplekse relasjonar blant menneskjer under særs prøva situasjonar.

Bør vi fokusere på å redde jorda eller bør vi heller fokusere på å bygge ein battlestar?

The Truman Show (IMdb)
Spelefilm frå 1998

I følgje Kirkegaards tenking blir vi frå tidleg alder vant med at andre tar avgjersler for oss, slik at vi sjølv ikkje treng å ta stilling til vanskelege val. Både dei arva eigenskapane og det miljøet og samfunnet vi er ein del av, blir i stor grad regna som dei faktorane som bestemmer verdiar og val. Vi oppføre oss slik det blir forventa at ein oppfører seg i miljøet og samfunnet vi er ein del av. Truman sitt liv er eit realityshow, alt er arrangert, og han veit ikkje sjølv.

Filmen tar for seg det grunnleggande filosofiske spørsmålet; Korleis kan eg stole på at den verda eg har rundt meg, er verkeleg og ikkje ei kulisse? Mange av miljøutfordringane vi står ovanfor er ikkje synlege for oss med mindre vi aktivt oppsøker dei. Bli inspirert av Truman til å utfordre deg sjølv til å søke etter løysingar og gode tilnærmingar til dine hjartesaker.

Avatar (IMdb)
Spelefilm frå 2009

We’re here, we’re big, we’ve got the guns, we’ve got the technology, we’ve got the brains, we therefore are entitled to every damn thing on this planet.

Alt kan kjøpast for pengar og kapitalismen rår. I likskap med aktuelle saker vi har i Norge i dag, som til dømes sjødeponiet i Førdefjorden, er naturen trua av menneska i Avatar. Filmen er estetisk laga med vakker natur, og sjølv om filmen ikkje viser til harde fakta, er bodskapen klart. Vi må ta vare på naturen.

Filmen stiller spørsmål til kva kunnskap vi har i ryggen når vi gjer store og komplekse inngrep i naturen. Det er lett å vifte med peikefingeren mot industrien, men som konsumentar må vi minne oss på at vi og er med på å skape ein etterspørsel. Kva rolle har vi sjølv i dette?

Filmen er inspirert av den tida Amerika blei invadert og fråteke frå dei innfødde.

Nausicaä (IMdb)
Spelefilm frå 1984

2016 byrja med giftlokk over Bergen by. Det består av svevestøv, nitrogendioksid og svoveldioksid. Det er ikkje første gong og Norge er tidlegare dømt for dårleg luftkvalitet av EFTA-domstolen. I Kina er ansiktsmasker so vanleg at dei no er å sjå på catwalken. Er dette noko vi må bli vande med?

I filmen Nausicaä blir vi ført til framtida der verda er øydelagd av menneskja og det er berre små lommer med menneskjer som har overlevd. Ein av desse er prinsessa Nausicaä  som bur i vindens dal. I staden for å prøve å øydelegge den giftige jungelen som gjer det umogleg for menneskja å puste utan masker, prøver ho å forstå den.

Screen-Shot-2013-04-27-at-12.03.11-PM.png

Om du får meirsmak, sjekk også ut Prinsesse Mononoke (1997).

Trashed (IMdb)
Dokumentar frå 2012

Forbruket vårt har aldri vore større, og med eit høgt konsum kjem store mengder avfall. Trashed tek føre seg den store søppelproblematikken i dagens samfunn, og utfordringar det medføre, som til dømes i form av svært høge verdiar kunstige kjemikaliar både i jord, menneske og dyr.

Denne britiske dokumentaren er  eit godt stykke forskningsjournalistikk som ser problemet frå fleire sider. Sjølv om utviklinga er dyster, viser dokumentaren til sterke positive krefter i grasrotbevegelsen. Som den kjende antropologen Margaret Mead sa det; Never doubt that a small group of thoughtful, committed citizens can change the world; indeed, it’s the only thing that ever has. Alt vi gjer i vår kvadag, små eller store ting er med på å støtte opp om, eller bryte ned etablerte rammer i samfunnet vi lev i. Bruk forbrukarmakta di og sei di meining.