Zero Waste-festival

Sommaren er høgtid for festivalar, og festivalsesongen er allereie godt i gang. Sjølv om det genererast store mengder avfall på slike hendingar, treng du ikkje ta del i dette. Sjå korleis du enkelt kan redusere ditt avfall.

Avfall og Zero Waste er stadig oppe til diskusjon, og dette har også fleire festivalar tatt til seg. Eksempelvis har Øya Festivalen i år uttalt at søppel ikkje lenger finst, og viser til at dei jobbar med å redusere avfall og høgne resirkuleringsgrada. Sorteringsgrada er i dag på 70%. Dei har og oppfordra besøkande til å ta med sine eigne behaldarar til mat og drikke.

Fosenfestivalen har og tatt grep, og blir i følgje Fosnafolket, plastfri. Miljøfokuset hos festivalar kjem ikkje ut i frå inkje. Store arrangement med høge besøkstal generera mykje avfall både fordi det genererast mykje forbruksartiklar i forbindelse med sal av mat og drikke, men også bruk-og-kast-mentaliteten ein ser hos mange festivaldeltakarar. I fjor skapte søppelet som festivaldeltakarane la att på Roskilde debatt om miljøbelastningane avfallet har for miljøet. Billige luftmadrassar som var laga av PVC var ein av syndarane. Når PVC blir brent, avgjer det giftig saltsyregass, og kan det kan også utviklast dioxin, som er ein av dei giftigaste menneskeskapte stoffa.

7184525329_708d18635b_z
Foto: Dirk Duckhorn

Mange kjem med ei haldning om at ved å kjøpe noko billig, kan ein la det ligge att når ein reise frå festivalen. Det finnast og ein noko liknande tankegang rundt resirkulering og brenning av avfall. Eksempelvis blir det argumentert at ein ikkje treng å redusere bruk av plastkoppar fordi dei kan resirkulerast, men emballasjeplast blir stort sett resirkulert mellom 3-6 gonger før det blir permanent avfall. 25 prosent av alt som blir brent, ender opp som oske, og denne er giftig og ender på deponi.

Det er positivt at festivalar i aukande grad fokusera på å fase ut ikkje-fornybare resursar, og satsar på høg resirkuleringsgrad. Det viktigaste punktet med utgangspunktet i Zero Waste er likevel Refuse, ta avstand frå det ein ikkje treng. So i den grad du er motivert og ynskjer å redusere avfall og svinn medan du er på festival, er desse tipsa ein god start.

Festivalband

For å komme inn på festivalen har dei fleste festivalane armband. Desse er enten i tekstil, plast eller eit fusjonsmateriale. Hugs å resirkuler bandet dersom det er mogeleg, spør gjerne arrangøren dersom du er usikker. Tekstil går til Fretex og papir kan resirkulerast eller komposterast. Du kan gjerne oppfordre arrangørane til å velje berekraftige material eller løysingar som spara resursar.

Ta med eiga drikkeflaske/ Glas med lokk til drikke

Alle festivalar har fri tilgang på drikkevatn. Ved å ta med di eiga flaske kan du eliminere plastflaska, spare pengar og spare miljøet. På festival finn ein også mange type ulike drikke i tapp eller liknande. Ved å bruke di eiga flaske kan du skru att korken og kose deg med drikka når det måtte passe. Det å kutte plastflaska kan vere ein god måte å prøve seg på ein plastfri juli.

photo-1489619447385-3f6a391029c6
Eit Norgesglas eller anna glas med lokk kan og fungere som drikkeflaske. Foto: Ethan Sykes
Stålkopp

Inne på sjølve festivalområdet er det ofte streng når det kjem til bruk av glas som kan knuse. Dersom du ynskjer øl i ein gjenbrukbar kopp må du då mest truleg ta med din eigen. Nokon få festivalar sel koppar som du kan bruke medan du er på festivalen, sjekk ut om dette gjelde din festival. Ein enkel stålkopp er lett i vekt og kan brukast til so mangt. Kanskje du allereie har noko slikt heime?

Medbrakt bestikk

Fleire forhandlarar tilbyr reisebestikk eller spork (gaffelkniv) som ein kan ha med seg på festival. Du kan og bruke bestikket du har heime. Kva du et på festival vil påverke kva du treng. Dersom du vel fingermat treng du kanskje ikkje bestikk i det heile

Tøypose til mat

Ein tøypose med nøtter held energien oppe, slik at du kan kose deg med alt det kjekke du har føre deg. Når posen er tom kan du bruke den til å oppbevare mat som du kjøper på festivalen. Nøtter frå den lille nøttefabrikken får du i lausvekt i om lag alle daglegvarebutikkar, og dei fleste sel også mandlar. Har du lyst til å prøve deg på å lage dei sjølv, finn du oppskrift her. Tøyposer finn du hos din lokale Zero Waste-butikk (Bergen, Oslo, Trondheim, Arendal, Kristiansand), eventuelt hos ein Zero Waste-nettbutikk.

Lommetørkle

Lommetørkle tek liten plass og kan brukast til det du vanlegvis ville brukt Kleenex og serviettar til. Du kan og bruke det til å pakke inn mat, eller knyte det rundt koppen din dersom innhaldet er svært varmt eller kaldt. Spør gjerne foreldre eller besteforeldre om dei har nokon lommetørkle liggande som du kan få eller låne.

krists-luhaers-582238-unsplash
Foto: Krists Luahaers
Festivalantrekk

For nokon er festivalar noko ein gler seg til over svært langt tid. Då har ein gjerne også mykje tid til å tenke på det perfekte festivalantrekket, enten du går for stil, edge eller komfort.

Det mest miljøvennlege er det du allereie har, so det beste er om du kan bruke noko du eig frå før. Dersom du gjerne ynskjer noko nytt til festivalen, er bruktbutikkar, finn.no og loppemarknadar eit godt alternativ. Då finn du garantert noko som er unikt, du spara miljøet for resursar og lommeboka. So kan du heller bruke dei sparte pengane på noko kjekt.

Telt og sovepose

Skal du sove i telt og treng riktig utstyr? Dersom det er ein roleg festival, kan du høyre med familie eller vener om du kan låne det du treng frå dei. Dersom du ser føre deg at du kanskje vakna av at nokon tissa på teltet ditt, kan det vere lurt å kjøpe sitt eige. Eit kjapt søk på Finn.no gjev om lag 2000 treff.

Mange kjøpe telt som ikkje blir brukt nok, og sel difor fine telt til ein god pris. Det same gjeld sovepose, liggeunderlag eller kva du måtte trenge. Ved å legge inn din heimkommune, ser du enkelt kva som er tilgjengeleg på Finn.no i ditt område. Facebook-grupper eller Facebook markedsplace kan også vere ein god kanal, samt Leieting.no.

Følg vaskerettleiinga på telt og utstyr og vask utstyret når du kjem heim frå festivalen. Dersom du tek det med ein gong du kjem heim, vil alt utstyret bli so godt som nytt, og du kan ta det med det til neste år. Kanskje til og med nokon vener vil låne det når du ikkje brukar det eller du kan leige det ut på leigeting.no?

Eg håpa du får ein strålande festivalsommar! Del gjerne bilder med #gronarekvardag.

Beste helsing Kristine

Toppfoto: Aranksa Esteve

*Denne posten er laga med støtte frå Noregs Mållag.

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s