Hordaland Fylkeskommune sin Miljøpris til Zero Waste-rørsla

Eg har glad for å fortelje at Hordaland Fylkeskommune har bestemt seg for å gje meg og  Mette Nygård Havre frå Spis opp maten årets Miljøpris. Eg ynskjer i den anledning å dele nokre ord om mi «Zero Waste-reise» og tankar om prisen.

Eg flytta til London i 2012 for å ta master og oppdaga eg raskt at det ikkje var søppelbøtter når eg var ute å gjekk. Av mangel på søppelspann begynte eg å samle opp bosset eg genererte gjennom dagen i veska mi, for so og kaste det når eg kom heim. Eg hadde til då sett på meg sjølv som ein miljøbevisst person, men søppel hadde ikkje ein gong slått meg å tenke på. Mengda avfall eg genererte på ein heilt vanleg dag var overveldande.

Her må eg gjere noko, tenkte eg. Og i staden for å peike fingeren på andre, peika eg den på meg sjølv. Kva kan eg sjølv gjere for å endre dette? Det blei starten på mi Zero Waste-reise. I 2015 starta eg å ytre meg på heimesida mi Grønare kvardag og eg blei overvelda over responsen, både av folk og av media og eg byrja raskt å jobbe full tid med å spreie kunnskap og engasjement rundt Zero Waste og avfallsførebygging. Med verdifull støtte frå grasrota, politikara, anerkjende forskarar og Zero Waste-pioneren Bea Johnson har ting gått fort framover. Eg er takknemleg for at eg får lov til å vere ein stemme i det her.

7927507636_04b49d08cf_z
Foto: Sea Turtle

Det er tydeleg at det har skjedd noko dei siste fem åra, og at vi ser ein tydeleg haldningsendring og bevisstgjering rundt avfall og ressursbruk. Eg opplev at folk ynskjer å bidra til ein grønare kvardag, og det er ikkje lenger slik at eg treng å bruke mykje tid på å forklare kvifor fokus på avfallsførebygging er viktig. I dag forstår folk det mykje kjappare, og eg tek det som eit teikn på at Zero Waste-rørsla spire. Det har og gjort at eg har kunne justert fokuset mitt med å jobbe meir opp mot næringslivet gjennom bedrifta Zero Waste Norge.

Det er flott og inspirerande at so dyktige damer som Mette Nygård Havre  fra Spis Opp Maten kjem inn i bevegelsen og bidrar med friskt engasjement, og eg er glad over å dele Hordaland Fylkeskommune sin Miljøpris med Mette. Vi er mange som jobbar med å reise Zero Waste-rørsla, og eg ynskjer spesielt å nemne Anita Bui og Hilde Øvreeide som står bak Bergens første Zero Waste-butikk, Råvarene. Dei har stått på over lang tid, og Anita Bui (Råvarene) og Elisabet Tolleisen (Mølleren Sylvia) var dei første gründerane eg møtte som delte min visjon om ein Zero Waste-framtid. Det har betydd mykje å møte andre som deler eins engasjement og entusiasme og eg er imponert over kva dei har fått til.

Råvarene_edit_Grønare kvardag_Zero Waste_Foto av Kristine Ullaland
Foto: Kristine Ullaland, bilder frå butikken Råvarene.

 

Damene bak Reindyrka har óg vore i front, og eg hugsa godt dei som den første butikken eg snakka med som sa at «Ja Zero Waste ja – du bør snakke med XYZ». Dei har vore ei god støtte for meg. Elles er det mange dyktige folk som har markert seg i rørsla og mange som kunne nemnt, men eg vil spesielt dra fram Stine Friis som raskt har etablert seg som ein av dei største Zero Waste-bloggarane. Det er inspirerande å sjå.

Eg blir rørt over engasjementet eg møter dagleg, og alle som bidrar til ein grønare kvardag med små og store tiltak. Over å ha blitt kontakta av privatpersonar og bedrifter i innland og utland som ynskjer å lære korleis ein kan få til det same der dei bur, som vi jobbar med her.

Eg synst det er stort kva Zero Waste-rørsla har fått til i Norge, og eg håpa at alle som engasjera seg i Zero Waste tar til seg den merksemda som vi får her i dag.

Eg vil takk so mykje for at folk har tatt seg tid til å nominere meg, og for at eg får denne prisen. Det betyr utruleg mykje at de heiar på meg. Takk!

Og til næringslivet, stat og kommune vil eg berre minne om at avfall er eit symptom på ineffektiv drift.

Beste helsing Kristine

Toppfoto: Vegan Photo

2 tankar på “Hordaland Fylkeskommune sin Miljøpris til Zero Waste-rørsla”

  1. Så flott, gratulerer Kristine! Veldig stolt av deg! 😃 Klem fra meg 7. mar. 2018 15.06 skrev «LEV SØPPELFRITT» :

    > Kristine Ullaland posted: «Eg har glad for å fortelje at Hordaland > Fylkeskommune har bestemt seg for å gje meg årets miljøpris som eg deler > med Mette Nygård Havre frå Spis opp maten. Eg ynskjer i den anledning å > dele nokre ord om mi «Zero Waste-reise» og tankar om prisen. Eg håpa a» >

    Likar

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s