Alle innlegg av Kristine Ullaland

Kristine Ullaland er CEO for Zero Waste Norge og driv Zero Waste-nettstaden Grønare kvardag.

Ei verd av emballasje

Visste du at kvaliteten til plast blir forringa kvar gong det blir resirkulert? Dette fører til at fleire plasttypar berre resirkulerast nokre få gonger. Kva brukar vi all plasten til? Er det verkleg noko vi treng?

I dag er det unntaket, heller en norma, å finne matvarer og produkt utan emballasjer. Mykje av denne emballasjen er plast, og i tillegg til at vi har lite kunnskap korleis ulike typar plast påverkar mat og drikke, skapar det også store mengder søppel.

Mange finn det utfordrande å resirkulere plast. Kor rein må plasten vere for å kunne resirkulerast? Kva typar kan resirkulerast? Kva gevinst er det for miljøet?

I fjølge Grønt Punkt, vil ein kilo resirkulert plast spare energi tilsvarande to kilo olje. Den vanlegaste teknikken for å sortere plast i Norge i dag er NIR-teknikken, som er ein nærinfraraudteknikk. Den går ut på å stråle plasten med infraraud stråling. Kvar plasttype har ein unik bølgjelengd, og ved stråling kan ein registrere kva gruppe dei ulike plastprodukta høyrer til (kjelde: Grønt Punkt).

Plast som er resirkulert kan få nytt liv som til dømes isopor (EPS) og CD-cover. Kjøttdeigfat av polystyren (PS) kan bli omdanna til boksar og kleshengarar. Innpakkningsplast av polypropylen (PP) kan ta form som snøskuffer, kontorstolar og støvsugarar. Utfordringa med desse produkta som til dømes CD-cover, er at dei ikkje lenger er moglege å resirkulere. Det er difor noko missvisande, etter mi meinig, å vise til resirkulering som løysinga på søppelproblematikken vi står ovanfor i dag.

I Bergen blir mykje av sortert plast kasta i forbrenningshallen i staden for å resirkulerast. I fjølge BIR er dette fordi plasten ikkje er rein nok for resirkulering.

BIR har kapasitet til å ta i mot 220 000 tonn restavfall årleg. Dette er nok til å produsere strøm for 30 000 gjennomsnittshushaldningar. Gjer desse forbrenningsomnane det meir attraktivt å brenne plasten en å resirkulere den? Kva er det beste alternativet for miljøet?

Nordmenn kastar no om lag dobbelt so mykje avfall samanligna med kva vi gjorde for 10-12 år sidan, i fjølge Framtida i våre hender. Søppel er ein klar utfordring for dagens samfunn. Kva alternativ er det til forbrenningshall og deponi?

Foto: Maire Klingeman/ Flickr
Foto: Maire Klingemann/ Flickr

Det er mange interessante prosjekter på gang som kan vere alternativ til resirkulering. Blant anna er Upcycling no byrja å få rotfeste. Dette er eit konsept som går ut på at ein nyttar gamle materiale til nye ting. Til dømes lage krokar av gaflar, sofa av oljetønner eller lampe av gamle cd-ar. Det er mykje DIY inspirasjon på nettet om ein ynskjer å prøve seg sjølv. Eventuelt er det mogleg å nytte Terra Cycle som tek i mot avfall både frå privatpersonar, men også til dømes sjukehus. Dette avfallet blir brukt om igjen av Terra Cycle som sel varene sjølv. Terra Cycle treng fleire frivillige til å opprette leveringsstasjonar. Noko for deg?

Ein grønare kvardag

Vi blir oppfordra til å «stemme med lommeboka» i kampen mot kunstige kjemikaliar. Aktivt ta avtand frå innpakning av kle og leikar som kan innehalde gifter, samt å tenke over forbruket vårt generelt. Nordmenn hadde mellom 4-6 ulike kunstige kjemikaliar i blodet for 60 år sidan. I dag er talet oppe i 200-400 hos ein gjennomsnittleg nordmann, noko som gjev oss ein plassering i verdstoppen. Vår velstand har fått noko av skulda (NRK).Som forbrukar kan det følast nærmast uoverkomeleg å få oversikta over dei siste «do-and-dont’s», og kva bør ein verkeleg prioritere?På denne heimesida ynskjer eg å dele mi erfaring og tankar rundt dette feltet. Som ei gardsjente som vaks opp med sjølvmelka melk, viltkjøt og heimedyrka grønsaker, til eit meir urbant liv i Bergen og London, følte eg at eg mista kontrollen over kva matvarene eg kjøpte innehaldt. Mykje at maten vi no får kjøpe, er ikkje lenger mat, men eit produkt. Samstundes ser vi ut til å nærmast ukritisk smøre oss med kremar og parfyme, som inneheld ingrediensar som vi gjerne veit svært lite om.I ein travel kvardag kan det verke overveldande å gjere sjølv mindre endringar i kvardagen, i frykt for at det tek lengre tid. Ynskje om å leve ein grønare livstil er noko mange har, og dersom ein tek det i sitt eige tempo, treng det slett ikkje å vere avskrekkande. Å søke mot ein grønare livsstil har fått litt «flinkisstempel», men det er det ingen grunn til. Planen med denne sida er å lage ein hub der eg samlar informasjon, videoar og bloggar som kan vere nyttig for deg. Kom gjerne med tilbakemeldingar og innspel.

Ser fram til å høyre frå deg.

Beste helsing Kristine