Kategoriarkiv: gåver

Gje opplevingar som julegåve

Kva gjev du ein som har alt? Kva med ei oppleving som gjev minner for livet?

Vi lev i ei tid der vi stadig hastar oss vidare til neste gjeremål. Difor er ein av dei finaste tinga du kan gje dine næraste nettopp tid og opplevingar vi kan dele saman, og mange av desse opplevingane treng vi gjerne ikkje å reise så langt for å hauste. Når vi ferierar i storbyar eller ein eller anna eksotisk destinasjon, har vi gjerne kartlagt alt av museum, teater, konsertar eller utkikkspunkt. Når det gjeld vår eigen heimstad blir gjerne slike tilbod mindre attraktivt. Vi kan jo gjere det når som helst, tenker vi gjerne, og ender med å aldri ta turen med den spennande raftingløypa eller besøke det lokale kunstgalleriet.

Gjenoppdag ditt nærområde og tenk igjennom om noko av dette kan passe som gåver. Ikkje berre er opplevingar ei flott gåve i seg sjølv, det er ofte kortreist, støttar lokal økonomi og fyller ikkje heimen med unødige gjenstandar.

Gåveordning

Mange familiar og venegjengar har ei ordning som går ut på at at alle får ansvar for å kjøpe gåve til ein person som er frå alle, i staden for at alle kjøper til alle. Då får ein meir å rutte med når ein skal velje ei gåve, og ein brukar også mindre tid på gåvehandelen. Om ein ikkje har slik ordning i sin omgangskrets er det likevel mange ting ein kan finne som passar både lommeboka og preferansane til gåvemottakaren. Sjå også tidlegare innlegg om grønare julegåver her.

Opplevingar:
19919529742_d6988cd27b_z
Bergen husar mange dyktige artistar, deriblant Thea Hjelmeland. Kva med å gje vekk ein vakker konsertoppleving i gåve? Foto: Mario Pires.

Sjekk ut dine lokale kulturtilbod: Konsertar, teater og kurs er berre nokre av tilboda som vere nettopp den gåva du leitar etter. Det Norske Teater i Oslo tilbyr gåvekort på ein valfri sum. Du kan også lage gåvekort sjølv. Dersom du ser etter noko unikt, har De Historiske oversikt over ulike tilbod som til dømes matkurs og vinsmakingskurs. Bilettar over ulike kulturtilbod og opplevingar i din nærleik finn du på youwishTicketCo og Billettservice. Gåvekort på kino er og ein klassikar.

Ei perle i Sunnfjord: Snaue to timar frå Bergen finn du Åmot Operagarden i Sunnfjord. Operagarden husar blant anna konsertar, treretters middag, teater og matlagingskurs med fokus på kortreiste råvarer. Åmot Operagarden ei perle, også for dei med liten interesse for opera. For dei som ikkje bur i nærleiken, sjekk ut ditt eige nærområde. Kanskje du vil bli overraska over kva tilbod de har.

Åmot Operagarden_Foto_Mariell Øyrane
Minner for livet i vakre omgjevnadar. Foto: Mariell Øyre/ Åmot Operagarden

Rafting: Det seiast at skumle opplevingar gjer at vi knyt oss tettare til dei vi opplev henginga saman med. Rafting er absolutt ein slik oppleving. Og den passar like godt med familien som med vener. For familiar som ynskjer seg opplevingar i staden for ting tilbyr Voss Vind og Vatn pakkeløysingar for heile familien til litt over 4000 kr (2 vaksne, 2 born).

Laserspel: Treng venane dine eit avbrekk frå lange studiedagar eller ynskjer du å overraske med ei oppleving som din omgangskrets ikkje ville fått elles? Inviter vener på ein kveld med laserspel midt i Bergen sentrum. Det kostar frå 90 kr og oppover, alt etter kva ein ynskjer. Dagspass kostar 299. Det er også mogleg å booke eigne rom for familien eller vennegjengen for rimelege prisar. Dei tilbyr også studentrabatt.

Tur med hundeslede:  Ein tur med toget frå Bergen fører deg mot Gol og eit vakkert naturlandskap. Perfekt for ein tur med hundeslede. Det er to personar per slede, og det kan bytast på å køyre og å sitte på sleden. Vakker natur, vind i ansiktet og lyden av raske potar over snøen, vil vere eit minne for livet. Prisen ligg på 600-750 per person. Ta gjerne også turen innom Gol Skipark.

14990541547_c6e446553a_z
Illustrasjonsfoto frå Greenland Travel/ Flickr

Escape room: På Bryggen i Bergen har dei spesialisert seg på sokalla Escape rooms der du faktisk betalar for å bli innelåst. Samspel, kløkt og magefølelse er nøkkelen for å komme seg ut. Dette er ein oppleving med høg puls, så det passar ikkje for ein kvar. Prisen ligg på rundt 400 per person. For deg som ikkje er fan av romantiske gåver, kanskje dette er noko for deg og din betre halvdel? Ps. dersom din betre halvdel reknar med å få ei romantisk gåve er det kanskje lurt å hinte frampå at gåva bevegar seg i ei anna retning.

Båltur/ skitur: Har de snakka om å reise til nabobygda for å teste ut det nye skianlegget i årevis, men endå ikkje kome dykk av garde? Kva med å arrangere ein tur og gje det som gåve? Om du ynskjer noko lett, men fint, kva med å invitere vener på ein båltur til Sandviksbatteriet i Bergen. Det tek totalt 40 min frå Bergen sentrum (10 min. buss og 20 min. spasertur). Utsikta over byen er fantastisk, og det er overraskande få som nyttar seg av dette turområdet.

Spa: For dei som held til i Bergen kan eit besøk til Relaxavdelinga på Vannkanten vere verdt eit besøk. For 200 kr får ein fri tilgang til alle fasilitetar symjeanlegget, inkludert terapibasseng som held ein temperatur på 33-34 grader. Perfekt for stive vinterkroppar. Dersom dette er ei gåve som kan passe fleire av venene dine, kva med å gjere det saman? Alle treng ein lat søndag av og til, og få ting er betre en å dele det med gode vener. Det er også mange som tilbyr massasje og ulike typar behandlingar.

Har du tips til noko opplevingar som passar utmerka som gåver? Del gjerne din ide i kommentarfeltet.

Ynskjer deg ei riktig god førjulsstrie!

Toppfoto: Åmot Operagarden / Mariell Øyre

Grønare julegåver

Vi brukar omlag over dobbelt so mykje pengar på julegåver som våre skandinaviske naboar. I 2014 brukte vi i snitt 5622 kr på julegåver. Til samanlikning brukte svenskane rundt 2640 kr. I vekas innlegg tipsar Grønare kvardag om korleis du kan bidra til ei meir berekraftig jul ved å velje berekraftige gåver.

Det er mange kodar knytt til gåver. Korleis verdsett du dei rundt deg? Kjenner du dei godt nok til å plukke ut den perfekte gåva? Kjenner dei deg godt nok til å gje deg den perfekte gåva? I følgje den franske sosiologen Marcel Mauss, har gåva ein høg sosial verdi for relasjonen mellom givar og mottakar, samt deira sosiale status. Men på trass det mange gjerne trur, er ikkje gåvas faktiske verdi er ikkje relatert til dette.

Kva med å utfordre både deg sjølv og dine næraste til å gje kvarandre berekraftige gåver i år? Det er eigentleg ikkje so vanskeleg, og kan kanskje til og med spare deg for tid. Den største utfordringa er kanskje å tillegga seg ein ny tankegang. Kva er ei verdig gåve, og kva er det sosialt akseptert å gjev vekk? Utfordr deg sjølv til å tenke nytt i årets julegåveførebuing.

Tips til grønare julegåver:
DSC_0820
Foto: Kristine Ullaland. Ynskjeliste er ein fin måte å informere dei rundt deg kva du treng.
Lag ynskjeliste

Ynskjeliste er ein flott måte å informere familie og vener om kva du treng og ynskjer deg. Om du er ein av dei smarte forbrukarane som berre kjøper eit merke sokkar i ein bestemt farge og difor alltid har like par, skriv det opp på ynskjelista. Har du ein favorittvin, kaffi, sparar pengar til ein ferietur eller treng nye tallerkenar til serviset ditt. Skriv det på lista. Det sparar både deg og givaren for tid, spesielt dei som ikkje ser deg so ofte og ikkje er oppdatert på kva du treng. Be vener og familie om å gjere det same.

Gje opplevingar framfor ting

Vi har ikkje so stor tradisjon med å gje opplevingar, og ser ut til å føretrekke ting. Kanskje fordi det er lettare å anerkjenne fysiske gåver ved å for eksempel ta dei i bruk med ein gong. Til dømes pleidde alle i familien min å få eit par strikka sokkar av bestemor mi. Vi tok alltid sokkane på med ein gong vi hadde pakka dei opp, for ingen ting er som skikkelege ullsokkar på ein kald desemberdag. Samstundes fekk besta kontant stadfesta at gåva falt i smak. Det er ikkje like lett å få ein slik kontant tilbakemelding på gåva om ein gjev vekk ein konsertbillett eller gåvekort, men det betyr ikkje at gåva ikkje blir verdsett. Ei gåve de kan oppleve saman er også flott. Pioneren innan Zero Waste-bevegelsen, Bea Johnson, fortel at dei gjev borna sine ein kalender med familieaktivitetar, der dei har ein aktivitet kvar månad gjennom det neste året. Dette er ein fin måte å samle familien på, eventuelt vener.

Foto: Peter/ Flickr. Kva med å gje venene dine gåvekort på ein opplevelsesdag de kan dele saman? Kva med å leige spa-avdelinga i nærområdet ein kveld? Book eit dag med ein seglbåtinstruktør. Hyr inn den lokale fotografen til å kurse dykk i foto, eller XXXXX
Foto: Peter/ Flickr. Kva med å gje venene dine gåvekort på ein opplevelse de kan dele saman? Kva med å leige spa-avdelinga ein kveld? Book ein dag med ein seglbåtinstruktør. Hyr inn den lokale fotografen til å kurse dykk i foto, eller book den fine hytta i nærområdet ditt for ei helg.
Kjøp brukt

Det er faktisk utruleg mykje flott å få tak i brukt, enten du går i butikk eller på nett. Av ein eller anna grunn kjenst ordet «brukt» litt meir guffent ut, enn ordet «vintage» eller «antikk». Antikk betyr at gjenstanden ofte er meir en 100 år. «Vintage» er meir diffus og er eit gammalt engelsk uttrykk for «god årgang». Retro, til forskjell, er ofte kopiar eller etterlikning av gamle moter. Det har blitt trendy å kjøpe «vintage», det kan difor ofte vere ganske dyrt. Det er mykje flott ein kan kjøpe brukt om ein ser litt vekk i frå det som er trendy. Kanskje de til og med har nokre vakre ting eller møblar i boda de kan gje vekk til familie eller vener?

Gi gåver du sjølv har fått vidare

Når eg gjev vekk gåver ber eg alltid vener om å bytte gåva om dei ikkje likar den, eventuelt gje den vidare. Sjølv om ein gjerne føler at ein har treft innertiaren med gåva ein kjøpte, er det ikkje sikkert at mottakaren føler det same. Det er heller ikkje alltid like lett å huske på om du føler at gåva er ein innertiar fordi den er lik stilen til venen din, eller om det rett og slett er fordi venen din allereie har ein slik eigendel? Likevel, som Mauss seier, betyr det ikkje so mykje kva gåva er, men kva tankar som er lagt bak gåva. Gje gåva vidare til nokon du veit ikkje har ein slik eigendel frå før, og som vil sette pris på gåva.

Gje vekk noko du allereie har liggande heime

Kva er ei verdig gåve? Nokre synst kanskje det er radikalt å gje vidare ting ein allereie har heime, i likskap med å gje vidare gåver ein har fått frå andre. Dette på trass av at du sjølv gjerne ikkje brukar gjenstanden, og du veit om ein eller fleire vener som ville satt pris på denne tingen. I følgje Bea Johnson er det å sitte på eigendelar ein ikkje brukar, bortkasting av ressursar. Eit godt tips kan vere å ha ei skuff eller ein kasse der du legg eigendelar som du ikkje brukar, som kan passe godt som gåver. Ikkje berre blir du kvitt noko du ikkje brukar, du gleder også ein god ven med ei fin gåve. Om du føler avsky ved tanken på å gje vidare noko du allereie har fått sjølv og ikkje treng, som du veit nokon i din «gåvekrets» vil sette pris på, reflekter over dette. Kva ligg bak?

Foto: David Seetiangtham. Typosar som kan eliminere dei små plastposane er ei fin gåve. Kanskje du kan fylle dei med noko godt?
Foto: David Seetiangtham. Typosar som kan eliminere dei små plastposane er ei fin gåve. Fyll dei med noko godt og gje dei til ein god ven.
Gje gåver som inspirerar til ein grønare kvardag

Mange ynskjer ein grønare kvardag men treng litt hjelp til å komme i gang. Om du har ein slik ven, kva med å kjøpe eller lage noko som du veit vil sette fart på prosessen? Mange av Grønare kvardag sine oppskrifter er lette å lage og er flotte gåver. Små handlenett i bomull som venen din kan bruke til kjøpe tomatar, nøtter eller liknande i er ei fin gåve. Eventuelt, kva med eit bivokspapir eller matboks i rustfritt stål som kan eliminere plastmatboksen? Kickstart gode nyttårsføresett for din famillie og dine vener ved å inspirere til berekraftige kvardagsrutiner.

Innpakking

Visste du at om lag alt julepapiret går rett i søppla? Det kan ikkje resirkulerast. Bytt heller over til berekraftige alternativ. Skal du gje vekk ei skjorte og godteri? Kva med å bruke skjorta som innpakning? Tenk kreativt. Avispapir eller gråpapir egnar seg også godt som innpakkingspapir og kan resirkulerast. Kanskje du tok vare på noko julepapir frå i fjor som du kan bruke om att? Ty kan også brukast som innpakking. For inspirasjon, sjekk ut Furoshiki.

Foto: Artifact uprising

Ynskjer dykk ei riktig fin førjulstid.

Sjekk gjerne ut Grønare kvardag sin Pinterestkonto for inspirasjon til ei grønare jul.

Toppfoto: Kristine Ullaland