Nei dette er ikkje ein lekker limonade. Det er melkesyrebakterien Lactobacillus (IMO), bokashien sin gode hjelpar. Lær korleis du kan lage den sjølv, samt ditt eige bokashistrø.
Lurer du på korleis ein bokashikompost fungerar? Les meir her.
Lactobacillus er ein type bakterie som finnast i mange ulike former. Dette er ein «vennleg» melkesyrebakterie som blant anna lev i vårt fordøyelsesystem i følgje U.S. National Library of Medicine.
Du kan kultivere mikrobar sjølv, enten frå lufta, frå jord eller lauv. Denne oppskrifta kultivera bakteriar frå lufta. Om du ikkje ynskjer å dyrke bakteriekulturen sjølv kan du enten kjøpe effektive mikroorganismar til bokashi, kalla EM1 eller kjøpe ferdig bokashistrø. EM1 er ein mykje meir effektiv bakteriekultur beståande av fleire typar bakteriar som forsterkar kvarandre. Dyrking av bokashiserum og å lage strø frå grunnen er tidkrevjande og for spesielt interesserte.
Å dyrke fram den ynskja bakteriekulturen kan ta nokre veke, avhengig av temperatur. Dersom du er ivrig etter å komme i gang med komposten rådast det at du kjøper første pose bokashistrø for so og eventuelt lage ditt eige.
Bokashi og drivhusgassar
I likskap med makkompost, som også er kjent som Vermikompost, produsera ikkje bokashien drivhusgassar slik som tradisjonell kompost gjer. Dette fordi komposten blir fermentert for so å bli nedbrote, og gjennomgår ikkje rotning som tradisjonell kompost gjer. Det er denne prosessen som skapar drivhusgassar. På ein måte kan ein sei at bokashi ikkje er ein komposteringsprosess men ein anaerob fermenteringsprosess, som gjer det enkelt for jordas levande organismar å fordøye bokashikomposten. Drivhusgassar eller ei, kompost er ein fin måte å kutte søppelet på og gjev næringsrik jord.
Ingen lukt eller problem med skadedyr
Sidan komposten er lukka treng du ikkje uroe deg for skadedyr eller insekt. Komposten er luktfri og kan fint oppbevarast inne. Det er allsidig og kan brukast til å fjerne lukt og opne tilstoppa rør, i tillegg til kompostering. Den blir til dømes brukt til å fjerne lukt i grisebingar og likande.
Lag ditt eige serum (Lactobacillus) og bokashistrø/ papir
Oppskrifta er delt opp i to fasar sidan du først må dyrke fram den ønska bakteriekulturen, før du kan sette det inn i aviser eller liknande som du brukar på komposten.

Lactobacillus
Du treng:
Ris (eventuelt ein anna kjelde til karbohydrata som til dømes quinoa)
To behaldarar til å dyrke bokashien i (ein liten og ein som rommar 10 gonger so mykje)
Ein kjøkkenhandduk eller liknande til å dekke over behaldarane
Flasker til å oppbevare serumet i (plast)
Oppskrift:
1 del risvatn
10 delar mjølk
10 delar sukker eller melasse
Framgangsmåte:
Ta ris i ein behaldar og fyll det med dobbelt so mykje vatn. Rist vatnet og risen godt, og skyl av vatnet i ein behaldar. Dette blir din base for bakterieveksten, og den vil tiltrekke seg mikrobar du har i lufta heime, blant dei bakterien Lactobacillus.
Legg ein kjøkkenhandduk eller noko liknande lett over basen slik at ikkje insekt eller rusk kan komme nedi. Hugs at det ikkje kan vere for tett. Vi ynskjer tross alt å trekke til oss bakteriar.
I løp av 2-8 dagar vil det danne seg ei kvit hinne på basen og lukte syrleg. Du vil sjå at basen har delt seg i tre lag. Topplaget har ei kvitleg hinne. Det midtarste laget er gråleg/ kvitt, medan botnen har kvitt botnslam. Vi er interessert i det midtarste laget og silar derfor basen, eventuelt bruk eit tøystykke som sil og press vatnet gjennom for hand.
Mål blandinga i eit desilitermål og hell so blandinga i ein større emballasje. Bland inn 10 delar mjølk. Økologisk heilmjølk er det beste, men all mjølk vil virke. Ved å tilsette mjølk lagar vi ein god vekstbase for Lactobacillus. La blandinga stå til det har danna seg eit kvitt skum på toppen. Det tek vanlegvis 1-3 veker, avhengig av temperatur.
Sjå video for illustrasjon av konsistens.
Fjern toppen av blandinga med ein steikespade eller liknande. Lukta er sursøt og minner om rømmask (rømmekolle). Veska vil være svakt gul. Sil av og hell resten blandinga over i ein ny behaldar der du tilsett sukker eventuelt melasse. Bland godt inn og fyll over på tette flasker. Denne fasen skal ikkje utvikle gass, men det anbefalast likevel å oppbevare serumet på plastflasker. Eg har sjølv serumet på glasflasker men dette krev meir tilsyn for å forsikre at flaskene ikkje sprekk. Hald eit auge med flaskene og opn dei med jevne mellomrom for å sleppe ut eventuell gass.
Legg biprodukta av prosessen i komposten eller grav det ned i bedet. Ver obs på at det vil byrje å lukte når du skil blandinga. Om du gjer det inne, kan det vere lurt å gjere det når du ikkje skal ha gjestar ein time seinare.
Du kan blande sukker/melasse og serum det direkte i flaskene. 1 del sukker og 1 del serum.
Haldbarheit: Serum
Det stridast kor lenge blandinga kan oppbevarast før den blir dårleg. Nokre seier 2 år, medan andre seier 3 månadar. Dersom du blandar serumet med melasse kan du oppbevare det i romtemperatur, om du brukar sukker må du oppbevare blandinga i kjøleskapet.

Oppskrift
Bokashistrø/ Bokashiark:
Sett serumet inn i avispapir, kaffi eller kveitekli (kruskakli)
For å bruke serumet til bokashi er det vanleg å blande det inn i avispapir eller ein eller anna type kli. Du kan også bruke kaffi. Nokre brukar serumet som spray direkte på komposten, men eg har ikkje prøvd dette sjølv.
Framgangsmåte:
Bland serumet ut med 20 delar vatn, og sett inn i til dømes avispapir. Serumet blir no «aktivert» og dersom du lat det stå på flaske vil det danne seg gassar i flaska. Serumet har også kortare levetid når det først er aktivert. Opne flaska med nokre dagar mellomrom for å sleppe ut gassen. Det beste er å bruke alt du vatnar til å sette inn i til dømes avispapir. Kveitekli// kruskakli skal vere det mest effektive, men har sjølv berre brukt avispapir.
Ta ut stiftane av avisene. Du kan velje om du vil bruke ein plastpose eller ein tett behaldar. Vakuumpakking er klart det beste. Legg avispapiret i ein tett plastpose og fyll med veske slik at avisene blir fuktige. Det skal vere ca. 50 % luftfuktighet. Om du brukar kli skal du kunne forme ein ball, utan at den fell frå kvarandre når du opnar hendene att. Klem ut so mykje luft du kan av posen og knyt den. La posen ligge 1-2 veker. Det er viktig at prosessen er lufttett og at den har så lite luft som mogeleg.
Når avisene luktar sursøtt, er dei klare til tørking. Du kan også bruke dei slik dei er. Haldbarheita skal faktisk vere betre når dei er fuktige, men dei er mykje meir utsatt mugg og krev difor ein heilt tett behaldar og minimalt med luft. Det er difor lurt å tørke papiret. Det tek ca. 1-2 dagar. Om du vel å bruke kveitekli, er eit leikebasseng ypparleg for tørking. Strøet må vendast under tørking for å få alt tørt, samt unngå mugg. Oppbevar det so i ein plastpose eller ein tett behaldar. Jo mindre luft det er i behaldaren, jo betre. Om du oppbevara det i ein plastpose, klem ut all luft og knyt att posen. Ta ut ark etter bruk.

Kjøpe serum eller bokashistrø?
Om du synst dette høyres vanskeleg ut kan du kjøpe ferdig bokashistrø hos Bokashi Norge. Dei jobbar også med å få til eit effektivt strø basert på byggrestar frå eit lokalt mikrobryggeri. Om du ikkje ynskjer å lage serumet sjølv kan du kjøpe det her. Ynskjer du å lære meir om bokashi, kan boka Bokashi composting: From scraps to soil in weeks anbefalast. Boka er kritisk til sjølvdyrka bokashistrø fordi det ikkje er like effektivt som EM og EM1 som er ei har ein samansetning på minst 3 ulike bakteriekulturar, inkludert ulike former for melkesyrebakterien Lactobacillus, som blir brukt i oppskrifta over. Mi erfaring er at den heimelaga kulturen er god nok og kompostera matavfallet innan 5-6 veker under ideell temperatur (over 18-20 grader). Eg vil likevell mest truleg gå over til å kjøpe strø, eventuelt EM1, då det ikkje passar min livsstil å lage dette sjølv. Har du prøvd dette før og har andre erfaringar? Del gjerne i kommentarfeltet.
Lurer du på korleis ein bokashikompost fungerar? Les meir her.
Lukke til, enten du vel å lage eller kjøpe bokashistrø.
Toppfoto: Kristine Ullaland
Hei! Takk for interessant innlegg. Jeg tenker at denne formen for kompostering brukes mest av folk som bor i leilighet i by, og derfor lurer jeg på hva det er vanlig å bruke det ferdige produktet til? Sjøl har jeg varmkompost og hage og bor landlig.
Kan du si litt om det? Vet du noe om hvor utbredt bokashi er?
LikarLikar
Hei!
Bokashi er ikkje særleg utbredt i Norge endå, men byrjar no å bli meir kjent. Mange er opptatt av søppelreduksjon, eller ynskjer næringsrik jord, og ser difor etter ulike løysingar som og kan passe for urbane heimar. Eg har tidlegare skrevet meir generelt om bokashi. Innlegget kan du lese her: https://gronarekvardag.no/oppskrifter/bokashikompost/. Etter at komposten har stått nokre veker må den blandast med jord for at prosessen skal ferdigstillast. Jorda må då stå nokre veker før den er klar til bruk og kan brukast som vanleg jord. Eg har både makkompost og bokashi, og eg brukar jorda frå makkompost inne til urter og potteplantar sidan den er tørrare og eg likar betre å jobbe med den, men jorda frå bokashi kan fint også brukast til dette. Eg har vore so helding å fått låne hagen til naboen til å dyrke i, og har nokre pallekassar der som eg blandar inn bokashien i. Den vil vere syrleg før den er ferdig, så eg har ikkje plantar der komposten godgjer seg. Du kan eventuelt berre grave den ned. Med tanke på konsistens så er jorda frå bokashi veldig lik den du får frå ein varmkompost.
Beste helsing Kristine
LikarLikar
Takk for utfyllande svar 🙂 Syns du bokashi eller markkompost er best for folk flest, eller må vi innse at begge delene kun er for spesielt interesserte? Hva skal til for at det kan spre seg i befolkning, trur du?
LikarLikar
Alle kompostane har fordelar og ulemper, og våre ulike vaner avgjer kva som passar oss best. Eg starta med makkompost, sidan det var det eg synst var lettast å starte, medan andre kanskje ville synst det var utruleg ekkelt og kvidd seg på å fylt på med mat:). Sidan eg driv med dumpsterdiving blir det tidevis mykje matrestar og det var difor praktisk å starte med Bokashi i tillegg, sidan den ikkje krev noko kontinuerlig påfyll av matrestar.
For at «urban kompost» skal spreie seg i Norge, trur eg engasjerte sjeler må prøve det ut. Om folk blir nøgde med komposten (ane) vil dei jo snakke varmt om det til vener og kjente, og forhåpentlegvis inspirere andre til å starte med kompost.
Hadde eg blitt fortald for fem år sidan at eg kom til å kompostere alt avfallet mitt med makkar og melkesyrebakteriar hadde eg nok ledd høgt, men det er faktisk utruleg kjekt og givande å sjå matavfallet mitt bli til ny jord som eg igjen kan dyrke mat i. Eg har sjølv møtt inspirerande folk som har motivert meg til å utfordre meg sjølv, og det er ingen ting som slår ein inspirator i nær relasjon!
LikarLikar
Hei. Denne måte å redusere søppelmengden og skaffe seg bedre jord på passer meg veldig godt.
Jeg gjør tingene veldig enkelt og rimelig.
Kjøper bøtter hos Ikea til noen få kroner pr stk. Og bruker hvetekli infisert med restene av vannkefir. Dette tørker jeg før bruk.
Det ser ut til at det fungerer bra. Ingen lukt i kjøkkenskapet!
LikarLikar
So spennande å høyre at du brukar restar av vannkefir. Korleis tørkar du det? Gjer du dette inne eller ute?
LikarLikar
Hei. Jeg tørker det i stekeovnen på svak varme med ovnsdøra på gløtt. Tar noen timer. Men blir holdbart. Gjør det da på kjøkkenet.
LikarLikar
Hei! Vet du andre steder i Norge man får kjøpt EM1? Jeg har kjøpt tidligere fra EMmiljo, men nå er nettstedet nede (linken du har her virker heller ikke). Jeg har brukt bokashi i flere år og er veldig godt fornøyd. Jeg lagde eget strø etter at den forrige leverandøren i Norge la ned, og vil gjerne fortsette med det. Problemet nå er å få tak i EM1.
LikarLikar
Hei Gunhild! Nei dessverre. Kanskje din lokale hagebutikk kan bestille inn til deg? Tips gjerne om du kjem over noko nettsider. Beste helsing Kristine
LikarLikar
Hei, hvis du velger å blande serumet med kaffe eller hvetekli, hvordan går prosessen etter det?
LikarLikar
Hei! Det har eg dessverre ikkje erfaring med. Del gjerne erfaringane dine dersom du prøvar det ut:). Beste helsing Kristine
LikarLikar