Zero Waste: Bad

Overgangen til Zero Waste-bad kan vere enklare enn du trur. Sjå korleis du enkelt kan lage dine eigne hygieneprodukt, få eit ryddig og oversiktleg bad, samstundes som du kuttar unødvendig søppel og sparar pengar.

Vi har ofte meir en vi treng i baderomsskapet, og det hopar seg fort opp med ulike produkt som ein i gjerningsaugneblinken var overtydd om at ein trengte. Eg hugsar sjølv ein sjølvbruningskrem eg var overtydd om ville gjere meg like gyllenbrun som den vakre dama i reklamen. Ikkje berre ga den meg ein gulaktig fargen, den distinkte sjølvbruningslukta var ganske avslørande der eg satt i festleg lag. I tillegg var det jo uansett sol eg trengte. Det er jo ingen ting som er betre en frisk fjelluft og solkyssa kinn. Det enkle er ofte det beste. Det gjeld også baderomshylla.

Gjer det sjølv

Det som er so fint med å lage sine eigne hygieneprodukt er at dersom du ikkje likar lukta, smaken, eigenskapane til produktet eller konsistensen, så kan du endre det. Det finst og fleire gjenbruksartiklar som kan erstatte eingongsartiklar som barberhøvel I plast, Q-tips, plasttannkost, tanntråd, vaskeserviettar, for å nemne nokre.

Tannkost

Når din kommersielle tannkost er utslitt, kva med å bytte den ut med ein i bambus? Det går an å kjøpe den med naturbus (ofte svinebust) eller syntetisk bust. Svinebust kan gje litt smak, så dersom du er sensitiv for dette eller er vegbanar/ vegetarianar er syntetisk bust eit betre alternativ. Send gjerne inn tips om du veit om tannkost med naturbust som ikkje er laga av dyr. Bambustannkost med naturbust kan komposterast slik den er.

Dersom du vel syntetisk bust kan du nappe ut busta når tannkosten er gåen, for so å bruke tannkosten som planteskilt i bedet eller liknande. Eventuelt kan du ta den i komposten (dersom du leverar til kommunen, sjekk om dette går under deira ordning).

Tanntråd

Har du eit gammalt silkesjal som ikkje lenger kan brukast? Då kan du bruke den som tanntråd. Klipp ut ein flik og dra ut trådar etter behov. Tanntråden kan resirkulerast etter bruk og silkesjalet får eit nytt liv som tanntråd. Dersom du er veganer eller av andre grunnar ikkje vil bruke silke, kan du kjøpe ein gummemasør hos apoteket. Den er i kobber med utsiftbar gummi på toppen, som ein maserar gummen med. Dersom dei ikkje har det inne, spør om dei kan bestille det inn til deg.

7187426552_59caf64054_z.jpg
Slitt silke som ikkje lenger er i bruk kan brukast til tanntråd. Foto: Llorenc Pié
Ansiktsvask/ fuktighetsolje

Den blomstrande hudpleieindustrien vil gjerne overtyde oss om at vi må vaske huda vår fri for olje og bruke sterke kunstige kjemikaliar for å unngå kviser og ureinheter. Etter å ha leita lenge etter produkt som virka, enda eg opp med å prøve olivenolje som hudvask og fuktighetsolje. Huda mi har aldri vore betre. Og det er gjerne noko du allereie har i huset. Dersom du brukar sminke er olivenolje også god som sminkefjernar, saman med ein vaskeklut i bomull. Du kan lese meir om det her.

Skrubb

Det har vore mykje skriveri om mikroplast i skrubb og tannkrem. Grunnen til at mikroplast er brukt i skrubb og tannkrem er ikkje nødvendigvis fordi det er betre, men det er billig. Heldigvis treng vi ikkje mikroplast for å lage ein god skrubb, du kan enkelt lage dette av til dømes olje og salt, eller honning og sukker. Eventuelt så kan du gje kaffigruten nytt liv som skrubb.

Deodorant

Kokosolje og natron er mykje brukt som deodorant. Nokre kan oppleve at natron kan vere litt sterkt for huda, ein kan då redusere mengda natron I oppskrifta, eventuelt berre bruke kokosolje.  Blandinga kan du enten ha opp i din gamle deodorantstift, eller i eit glas. Tilsett duftolje som lavendel dersom du ynskjer dette. Oppskrift finn du her.

Sjampo

For stritt hår med kraftige hårstrå kan kokossåpe i fast form vere eit godt alternativ, og det er ikkje sikkert du treng balsam. For fint, skandinavisk hår er ei mildare såpe som du kan lage ved å bruke Flott Matfett (Shea, kokos og raps). Denne får du kjøpt i vanleg daglegvarebutikk. Dette er ei mild såpe og du kan bruke same oppskrift som med kokossåpa, berre at du brukar Flott Matfett i staden. Dei kan begge også brukast til kropp.  Såpe i fastform er meir miljøvennleg fordi den er meir kompakt, og til forskjell frå flytande såpe er det ikkje mulig å overdosere. Den er  difor svært dryg i bruk. Dersom du likar flytande såpe best, kan dette kjøpast på butikkar som bygger på Zero Waste-tankegangen, som til dømes Reindyrka, Råvarene (begge Bergen) og Mølleren Sylvia (Oslo). Lush fører også emballasjefri sjampo og balsam.

img_4635
Kokossåpe og sheasåpe er gode til hårvask, og kan også brukast til kropp og hender, samt til barbering. Foto: Kristine Ullaland
Balsam

Eplesidereddik fungera fint som balsam, men dersom du brukar ein sjampo som er rik på fuktighet, som til dømes sjampoen som er nemnt over, så er det ikkje sikkert du treng balsam. Eventuelt kan eplesidereddik brukast som ein kur når det trengst. Fåas kjøpt i lausvekt i nokre helsekostbutikkar og hos Mølleren Sylvia og Råvarene. Du kan og lage det sjølv av ferske epler.

Handvask

Mange trur at fastsåpe er mindre hygienisk en flytande såpe, men dette stemmer ikkje. Handvask er ein to-stegs-prosess, ein vaskar hendene for so å skylje dei i vatn. Då vil alt av skitt og bakteriar renne av hendene og ned i vasken. Såper i fast form utan emballasje finn du hos fleire helsekostbutikkar, Zero Waste-butikkane Mølleren Sylvia, Råvarene og du kan lage det sjølv.

Barberhøvel

Den gamle klassikaren Safety Razor er på full fart tilbake, og det er ikkje so rart. Ikkje berre tar den seg godt ut på baderomshylla, den er ein god investering og blada kostar rundt 5 krone per stykk. Mange med sensitiv hud opplev mindre irritert hud ved bruk av ein Safety Razor, samanlikna med ein kommersiell barberhøvel. Høyr med familien før du skaffar deg eit eksemplar, det er ikkje utenkeleg at de allereie har ein liggande. Dei eldre modellane er ofte av betre kvalitet en dei nye modellane.

Barberskum

Kokossåpe kan brukast som barberskum, samt olivenolje. Alepposåpa fungera også godt og kan kjøpast i lausvekt hos til dømes Råvarene. Fleire barbersjapper fører også «old school» barbersåper i lausvekt eller metall/ tynt papir.

3203645863_f79956c441_z.jpg
Lag barbersåpe sjølv. Foto: Noel Pennington
Q-tips

Dette er ikkje noko du treng. Du kan heller bruke ein vaskeklut eller eit lommetørkle til å vaske øyra.

Toalettpapir

Nokre vel vekk toalettpapir til fordel for klutar, men for dei som synst dette blir for mykje kan resirkulert, ubleikt toalettpair vere eit godt alternativ. Det finst alternativ som er pakka i papp, men desse får ein berre kjøpt på nett, og då går vinninga opp i spinninga. Serla er det beste alternativet i vanlege daglegvarebutikkar, elles finnest det ulike alternativ hos Zero Waste butikkar og helsekostbutikkar.

Menstruasjon

Tampongar, som er eit vanleg sanitetsprodukt for mange kvinner, er laga av ei blanding mellom bomull og viskose (ryan). Desse produkta er klora, og eit biprodukt av dette er Dioxin og desinfeksjonsbiprodukt (DBPs) som trihalometan. Dioxin er hormonforstyrrande og eit kjend kreftframkallande stoff (karsinogen). Bytt heller til gjenbruksartiklar som tøybind eller menskopp. Menskopp kan brukast 12 timar om gangen, og er absolutt det mest praktiske. Dersom dette ikkje er noko for deg er tøybind eit godt alternativ. Vel eit med så naturlege produkt som mogleg. Hugs at klesvasken vår er ein av verstingane når et kjem til mikroplast.

Vask av bad

Bruk miljøvennlege vaskemiddel når du vaskar badet. Les meir om det her.

Komposter

Visste du at hår og negle kan komposterast? Hiv det i komposten.

 

Toppfoto: Heloïse Choffart

*Grønare kvardag er ei uavhengig heimeside og ingen av referansane er sponsa/ betalt. Dersom du har lyst til å lese meir om Zero Waste-tankegangen finn du informasjon her. For meir baderomsinspo, sjekk ut Grønare kvardag si Pinteresttavle; Grønare bad.

5 tankar på “Zero Waste: Bad”

  1. Nyttig innlegg! Jeg ville imidlertid vært litt forsiktig med å kompostere hår om jorden skal brukes til grønnsaker, for håret brytes visst ikke ned like fort som matavfall, så det er noen som har opplevd at rotgrønnsakene vokste rundt hårene – skikkelig hår i maten.

    Likar

  2. Hei! Så bra innlegg dette er. Her var det mange tips å hente. 🙂 Vi jobber oss mot en grønnere hverdag, så dette var veldig nyttig og god hjelp. Liker særlig det med barberhøvelen altså. Har irritert meg så mange ganger over den (hehe). 🙂

    Camilla

    Likar

  3. For dei som foretrekk flytande sjampo, kan og sjampobarane raspes opp og kokes med litt vatn, før ein så har dei på ein dispensar! Hugs at sjampoen blir noko svakare slik. Dette kan ein og gjøre for små såperester ein ikkje får brukt opp.

    Elles fann eg nett fram til epla.no, der folk fra Noreg sel handlagde produkter, til dømes kle og hygieneartiklar.

    Eg kjøpte nyleg min første sjampobar sjølv, frå norske Saga Natursåpe, som eg gler meg til å prøyve. Kjøp norsk!

    Likar

Legg att svar til Heidi Avbryt svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s