Menskopp

På trass av at vi lever i 2015 er mensen framleis eit tabu. Det kan vere ein av grunnane til at menskoppen, som har eksistert sidan 1930-tallet, ikkje er meir brukt. Gjennom ei livstid vil kvinner i snitt kaste mellom 100 til 140 kg sanitetsprodukt. I tillegg inneheld dei kunstige kjemiske stoffer som til dømes det hormonforstyrrande Dioxin. Tenk deg at du kunne kutta dette heilt i frå innkjøpslista di, og gått over til eit søppelfritt alternativ. Kva med å sjekke ut menskopp?

Kunstig kjemi i bind og tampongar

Tampongar, som er eit vanleg sanitetsprodukt for mange kvinner, er laga av ei blanding mellom bomull og viskose (ryan). Desse produkta er klora, og eit biprodukt av dette er Dioxin og desinfeksjonsbiprodukt (DBPs) som trihalometan. Dioxin er hormonforstyrrande og eit kjendt kreftframkallande stoff (karsinogen). Når vi et kjemikaliar får vi hjelp av enzym i spyttet og magesyra til å bryte ned og skilje ut kunstige kjemiske stoffer. Vegen gjennom huda og til organa våre derimot, er kort og uproblematisk. Når kunstige kjemiske stoff først har inntatt kroppen er dei vanskelege å skilje ut. Desse stoffa er også tilstade i bind. I tillegg er leverandørane hemmelegheitsfulle angåande kva andre kjemiske stoff binda består av. Dette er urovekkande, særskild for dei med barbert underliv som får mykje meir direkte hudkontakt med sanitetsprodukta. Bloggaren Andrea Donsky brende eit konvensjonelt bind og eit økologisk bind for å samanlikne flammane, og det var klart mykje større flammar frå det konvensjonelle produktet. Det er skremmande å sjå forskjellen og ein kan spørje seg kva det er som gjer at det konvensjonelle bindet brenn så fort. Vi tek for gitt at produkt som er masseproduserte og ein del av vår kvardag er nøye dokumenterte. Vår moderne verd har eit høgt produksjonstempo, og mange av vidunderprodukta som er raske og lette å produsere, veit vi dessverre veit alt for lite om. Som forbrukar er det omlag umogeleg å halde seg oppdatert. Den lettaste løysninga er å forhalde seg til færre produkt.

Menskopp kan brukast 12 timar samanhengande

Tampong bør skiftast kvar 4. time, ikkje fordi den er full av væske som mange trur, men fordi den begynner å rotne i kroppen. Sidan tampongen tar opp all veske i kjeden, forstyrra den balansen i kjeden. Fleire gynekologar tilrår difor ikkje kvinner å bruke tampong. Menskopp har ingen kjende ulemper, og kan brukast i opptil 12 timar utan tømming. I motsetning til tampong som trekk til seg veske, samlar menskoppen den opp, og tørker difor ikkje ut skjeden. Det betyr at du kan bruke koppen før du får mensen, utan at dette vil irritere skjeden. Visste du at du til og med kan symje med menskopp? https://youtu.be/r-C4p3Dtz74

Kva kopp bør eg velje?

Det er mange ulike typar menskoppar og det anbefalast å kjøpe ein kopp av medisinsk silikon eller naturgummi, då desse har minst utslepp av kunstige kjemikaliar. Dei fleste koppane seljast i to størrelsar. Ein for dei som har født og ein for dei som ikkje har født. Størrelsar er individuelt og nokre som ikkje har født kan framleis trenge å bruke den største størrelsen. Kapasiteten på koppen har ikkje so mykje med bredda på koppen å gjere, men med lengda og forma på koppen. Koppar med «klokkeform» har meir kapasitet en spisse koppar. Nokre vel likevel spisse koppar fordi dei merkast mindre. Dersom ein kjenner koppen sjølv om den er satt inn riktig, bør du bytte til ein kopp med anna størrelse eller form. Menskoppen blir produsert med ulike lengder og grader av stivhet. Nybegynnarar blit tilrådd å velje ein stivare kopp sidan den er lettare å sette inn. Eg anbefalar deg å sjå Precious Stars Pads sine informasjonsvideoar som du finn fleire plassar i denne artikkelen. På trass av formidlaren sin unge alder, er dette ei av dei beste informasjonssidene om menskoppar, og kan gje deg ein god peikepinn på kva kopp som vil passe deg. https://youtu.be/_G87oBd6rOw Oversikt frå Menskopp.org Menskopp hard/mjukheitsskala, 1= mjukast, 10=stivast: Si-Bell 1 CupLee: 1.2 Meluna (Small Soft): 1.5 FemmyCycle: 1.7 IrisCup: 1.7 SheCup: 2 LilyCup: 2 RubyCup: 2 Green Donna (large/small) 2 LadyCup (large/small, kanten er tjukkare enn resten):  2 Fleurcup (large/small): 2 Meluna (Medium Soft): 2 Femmecup (i midten, botnen og kant er tjukkare): 2.5 Naturcup (Large, mjuare i botnen en i kanten): 3 Miacup (Large/small): 3 JuJu (large/small): 3 Diva Cup (large/small):  4 Small Lunette: 4 Meluna (X large, large, og Small classic, kanten er tjukkare en resten): 6 MoonCup UK (large/small):  7.5 Keeper Moon Cup (large/small): 7.5 Large Lunette: 8 Yuuki (large/small): 8.5 Mpower: 9 Medium Original Meluna: 9.5 Keeper (generelt tjukkare):  10

Korleis sette inn og ta ut menskoppen

Det er mange ulike måtar å sette inn koppen på. Sjå video for tips: https://youtu.be/Nt6L-POE-b0 Det er viktig å få koppen mest mulig inn før den sprett opp dersom du har ein mjuk kopp. Dersom du har ein stivare kopp vil den lettare skli på plass sjølv. Sjekk med fingeren rundt heile kanten for å forsikre deg om at den har bretta seg ut. Om den ikkje har det pressar du litt på koppen med fingeren for å sleppe inn luft og den vil skli på plass av seg sjølv. Det same gjer du når du skal ta ut koppen. Då klemmer du på den slik at vakuumet gjev slepp. Koppen skal då opne seg og du drar den forsiktig ut. Nokre klipper vekk stilken etter kvart, men bruk koppen ein syklus før du eventuelt klipper vekk stilken. Den gjer det raskt å lokalisere enden på koppen. Hugs at sjølv om koppen sit lengre nede enn ein tampong, vil den gjerne skli litt opp og stilken gjer det difor mykje lettare å ta ut koppen. Det er svært viktig å ha god handhygiene kvar gang du tømmer koppen.

Reingjering av menskoppen

Koppen kan skyljast i vatn mellom kvar tømming, og etter endt syklus kokar du opp vatn som du heller over koppen. Såpe er ikkje nødvendig. Om koppen din har ein eigen behaldar, kan du desinfisere koppen direkte i behaldaren. Du kan eventuelt koke koppen i mikrobølgjeomnen. Dersom du ynskjer å fjerne missfarging på koppen kan du koke den med 1 ts. natron. Koppen har ei levetid på 5-10 år.

Kvar får eg kjøpt menskopp?

Reindyrka i Bergen fører dette og dei ligg på rundt 200-300 kr. Dersom du ynskjer å bestille på nett, fører Iherb dei kjende merkene Moon Cup og Lady Cup som er laga av medisinsk silikon. Menskopp.se fører koppar i naturgummi. Du kan og sjekke ut dei norske nettbutikkane; Etikken og Frøya-Natur. Følg Grønare kvardag på Facebook Headerfoto: Menstruationtasse.net

6 tankar på “Menskopp”

  1. Jeg har en MoonCup som jeg har brukt i kanskje 5 år, og er kjempefornøyd! Den er bedre enn bind og tamponger på absolutt alle punkter, så det er helt ufattelig at det ikke er mer vanlig. Bra innlegg!

    Likar

  2. Hej – bra att du tar upp ämnet menskoppar!
    En liten synpunkt, bara:
    När det gäller menskoppars material så finns de idag i naturgummi, silikon samt TPE, termoplastisk elastomer.
    Att säga att den ena materialet är bättre än den andra är svårt, tycker jag, eftersom det är svårt att få inblick i varje fabriks produktion.
    Om vi ska se till helheten, så måste ju silikonkoppar förbrännas, medan TPE kan återvinnas, så sett till hela livscykeln är ju TPE sannolikt mycket bättre om många börjar använda menskoppar.
    Det bör också noteras att det under de två senaste åren har dykt upp avsevärt billigare koppar på marknaden. De marknadsförs som «medicinskt rent silikon» men är i själva verket gjorda av silikon som är godkänt för kontakt med livsmedel, vilket innebär att materialet knappast bör bäras inne i kroppen. Jag har skrivit mer om billiga menskoppar här, och hur du själv kan vara vaksam inför ditt köp: http://menskoppen.se/billig-menskopp

    Mvh
    Annelie
    http://www.menskoppen.se

    Likar

    1. Hei! Takk for at du gjorde meg merksam på dette. Det skulle sjølvsagt stå kg og ikkje tonn. Det hadde vore utruleg imponerande forbruk, sjølv for dei med kraftig menstruasjon. Ynskjer deg ein fin dag vidare. Beste helsing Kristine

      Likar

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s