Grønare kvardag tek sommarfri og er tilbake til hausten. Takk for all respons og tilbakemeldingar eg har fått. Utruleg kjekt! Om du har ynskjer for haustens innlegg eller eit tips du ynskjer å dele, send gjerne ein email til post@gronarekvardag.no. Send gjerne bilete av hagane dykkar, kompostprosjekt eller reduseringsprosjekt. For oppdatering av nytt innlegg kan de enten følgje Grønare kvardag på mail (lenke til venstre på sida), på Facebook, Twitter og Pinterest.

Planar for sommaren? Kva med å utforske ditt nærområde? Det eksotiske utland har ein tendens til å overskygge Noreg, men det er mange fine plassar å besøke, som til dømes Vøringsfossen (Eidfjord i Hordaland). Kanskje du til og med kan bli overraska over di eiga heimbygd/ by? Ynskjer dykk ein riktig fin sommar. Sjåast til hausten!
Beste helsing Kristine
Toppfoto: Ram Yoga