Tannkrem

Eg byrja å lage tannkrem som ein stille protest til forslaget om gruvedrift i Naustdal kommune . Der er det funne store mengder rutil, som blir brukt til bleikemiddel i tannkrem (NRK).

Det finnast eit hav av ulike oppskrifter, og ein treng ikkje mange ingrediensar for å lage ein god tannkrem. Om ein ynskjer det veldig enkelt, kan ein faktisk bruke berre natron. Alternativt kan du følje denne oppskrifta:

Oppskrift:

8 ss kokosolje

3 ss natron

20 dråper peparmynteolje, eventuelt appelsinolje for ein mildare smak.

Tilsett fluor om du ynskjer

Framgangsmåte:

Smelt kokosoljen i ein kasserolle. Rør inn natron og oljen. Vent til blandinga byrja å stivne, hell så over i glas. Glas kan kjøpast på Åhlens eller du kan bruke noko du har heime. For å fylle eit glas må du doble oppskrifta. Det kan vere lurt å ikkje lage for mykje om gangen slik at tannkremen held seg fersk. Om du synst tannkremen blir besk i smak kan du tilsette litt ekstra appelsinolje.

Påføring:

Ta ein tørr tannkost ned i glaset og ta på tannkrem. Valfritt om du ynskjer å ta vatn på tannkosten før du byrjar å pusse tennene. Om de er fleire som delar glaset kan de bruke baksida av tannkosten eller ein ispinne til å ta opp tannkrem med.

Forhandlarar av ingrediensar:

Kokosolje kan kjøpast på helsekost eller større matvarehandlar. Mølleren Sylvia (Oslo) og Råvarene (Bergen) sel dette i lausvekt.

Natron kan kjøpast på i lausvekt hos Zero Waste-butikkar som Mølleren Sylvia (Oslo) eller Råvarene (Bergen), eventuelt hos vanleg helsekost, men då med emballasje. Du kan og høyre med din lokale bakar om du vil ha større mengder.

Peparmynteolje og appelsinolje kan kjøpast på helsekost.

Tannkost i bambus

Tannkost i bambus får ein kjøpt på mange daglegvarebutikkar, helsekost og Zero Waste-butikker. Skaftet er i bambus og busten er stort sett i syntetisk materialer eller i sjeldene tilfeller av svinebust. Når tannkosten er utslitt, kan ein bruke kosteskaftet til urteskilt, og ved å nappe ut busten kan skaftet gå tilbake til jorda. Busten er restavfall, med mindre det er grisebust. Då kan kosten komposterast i sin heilheit.

Følg Grønare kvardag på Facebook

7 tankar på “Tannkrem”

  1. Eg har prøvd denne tannkremen og vil anbefale andre å prøve den. Også veldig bra å bruke opp att emballasjen. Det har vi nok av!

    Likar

  2. Hei 🙂 Så morosamt at dinna kom opp då eg søkte på heimelaga tannkrem 🙂 Gløymte at du hadde lagt ut oppskrift.. Får ein kvit perlerand av den her? Eg treng kvite tenner til bryllaupet 😉 God helg 🙂

    Likar

    1. Jepp, du får kvite tenner! 🙂 Den er litt mildare en andre heimelaga tannkremar, sidan mange er skeptiske til om det tære på tannemaljen. Eg brukar vanlegvis ein som er sterkare en dette og har ikkje hatt noko problem med tennene. Det er natronen som bleikar, så om du verkleg vil få fart i prosessen kan du natron aleine. Null-søppel pioneren Bea Johnson svergar til dette og har brukt det i mange år. Personleg synst eg det smakar litt vondt så held meg til tannkrem med peppermynteolje;). Gler meg til brudlaupet!

      Likar

    1. Hei Irene! Eg brukar reine oljer, som til dømes mynteolje og roseolje (denne var litt vanskligare å få i rein form en dei andre). Trur kanskje fleire av dei går under både eterisk og duftolje? Om du er usikker ville eg rådført meg med butikkansatte for å forsikre deg om at du får ei olje som passar til den bruken du treng. Lukke til! 🙂

      Likar

    1. Hei! Eg har ikkje noko ZW-alernativ å vise til, men ei norsk side du kan sjekke ut er Salome, som fører økologiske oljer og held til i Bergensområde. Dersom det er noko spesielt du skal ha kan du sikkert be din lokale helsekost bestille inn for deg også :). Takk for det. Ha ein fin kveld du og! Beste helsing Kristine

      Likar

Legg att svar til Kristine Ullaland Avbryt svar

Grønare kvardag har som intensjon å bli ein hub for folk som ynskjer grei og oversiktleg informasjon om korleis ein kan få ein grønare livsstil. Sida er inspirert av Zero Waste-bevegelsen.