Det er lett å drøyme seg vekk i vakre science fiction forteljingar, men få ting er so flott som å følgje naturen tett på, og det treng slett ikkje koste noko tid eller pengar. Lær deg korleis du enkelt kan spire ny mat av ting du tidlegare kasta i søppelet eller som du allereie har på kjøkkenet. Kanskje du ikkje ein gong treng å bruke jord?
Mykje av maten vi et til dagen kan faktisk spirast om att og plantast. Gulrøter, løk, purre, poteter, tomatar og chili er berre nokre av alternativa. Har du ein hjertesalat der du berre har att botnen/ rota? Sett den i vatn i vindauge. Skift vatn kvar dag, og sjå kor røtene spring ut samstundes som nye salatblad veks fram. Dersom du etter kvart vel å plante den om i jord, vil den kunne fôre deg med salat i lang tid. Tenk nytt om maten du tek i huset. Korleis kan du nytte den best mogeleg? Kva er kjekt å prøve ut? Kva kan du få til å vekse og kva får du ikkje til?

Løk
Visste du at spire av gul løk, rød løk og kvitløk kan etast? Det smakar ganske likt vårløk, og dersom du lar spirene vekse så vil det komme ein liten blome med masse frø. Løk kan plantast rett i potter, men kvitløken deler du opp slik at du plantar eit og eit fedd. er også mulig å sette løken i vatn slik at røtene får vatn. Sjølv om det ikkje er noko røter når du byrjar, vil desse raskt vekse, og innan nokre dagar vil du sjå røtene og toppen av løken strekke seg. Purreløken kan behandlast på same måte. Kutt gjerne av 2/3 av toppen og sett botnen i vatn og la den slå røter. Plant den deretter botnen ut i jord. Hugs at plantane må ha dagslys. Du kan og sette purren i litt vatn og la den stå i kjøkkenvindauget, og forsyn deg med purreløk etter kvart, men purra vil etter kvart døy om den ikkje får jord. Den kan likevel halde det gåande ganske mange veker i vatn, om ein er flink å skifte vatnet dagleg. Løk er ein relativt enkel plante å eksperimentere med, og prøv deg litt fram. Involver gjerne vener, born eller naboar i prosjektet.
Salathovud kan og settast i vatn, same gjeld fennikel, selleri og liknande vekstar. Det fine med å gro ny mat av «gamal» mat, er at den held seg fersk lenge og når maten er i augesyn, er det ikkje so lett å gløyme den. Visste du forresten at asparges held seg lenger om du sett den i vatn? Tenk på den som ein bukett tulipan. Kutt av enden slik at røtene er friske og sett den i vatn, gjerne kjøleg. Kanskje den veks litt også? Sitrongras kan og spirast.

Spiring
Tørre linser og bønner er frø som du kan spire. Kikerten får ein nøtteliknande smak ved spiring, og kan etast rå etter nokre dagar med spiring. Det seljast mange ulike spireglas, men du treng eigentleg ikkje noko anna en ein heilt vanleg behaldar. Eit syltetøyglas, til dømes, er heilt perfekt. Berekn litt ekstra plass slik at ertene har romsleg plass til å spire. Skyl morgon og kveld, og hell av vatnet. Dette vatnet kan med fordel brukast til å vatne plantane dine med. La kikertane stå i romtemperatur til dei har nådd ynskja størrelse, og sett dei so i kjøleskapet for å bremse prosessen. For å spire raudbetar og gulrot, legg toppen litt vant og skift ut vatnet ein gong for dagen. Du kan ete spiren. Om du har ein makkompost eller liknande, kan du legge toppen av raudbeten på jorda, kanskje det veks fram ein ny raudbete? Sjølv har eg hausta små poteter og raudbetar frå makkomposten, som eg har oppdaga ved ein tilfeldighet.
Frø
Vi hastar gjerne til gartnaren for å kjøpe frø på våren, men vi har faktisk allereie masse frø heile, det er berre det at vi ikkje tenker over det. Å sette ein avokadostein i vatn for å sjå om ein fekk den til å spire, var stor stas når eg var born. Eg hugsar det var veldig spennande å følgje med dag for dag, om det var skjedd noko nytt. Steinen blei etter kvart til eit lite tre med store mørke blader. Du kan og bruke frø frå til dømes paprika. Då tek du ut frøa og legg dei nokre dagar til tørk. Flytt litt på dei medan dei tørkar slik at dei tørkar under og. Det same gjeld tomatar. Tomat har ein slags gele rundt frøa, difor skjer mange tomaten i skiver og plantar dei slik, for so å flytte plantane/ luke vekk plantar etter kvart. Du kan eventuelt la tomatfrøa ligge i vatn ei vekes tid. Andre frø som kan brukast frå kjøkkenet er til dømes squash, sitron, melon, kiwi, klementin, appelsin og graskar. Det kan og vere lurt å sjå i krydderhylla etter frø.

Knollar
Knollar som kan plantast er potet, søtpotet, ingefær og jordskokk. Du har kanskje sett poteta spire i kjøleskapet før. Kva med å plante den i ei potte? Søtpotet kan du spire på same måte som avokadoen. Du sett nåler eller tannstikker i sida på poteta slik at enden stikk ned i vatn og resten er over vatn. Poteta vil etter kvart byrje å spire. Plant den då om i jord. Ver obs på at det kan vere reglar mot å plante potet ute. Dette fordi poteta til dømes kan vere berar av sjukdom. Sjekk ut regelverket rundt dette før du plantar ute. Dette kan og gjelde andre plantar.
Butikkurter
Krydderurtene vi kjøper frå butikken har ein tendens til å døy raskt etter dei har kome i hus. Før desse plantane hamnar i butikken, har dei truleg fått mykje lys og liten plass, og akkurat nok næring til å klare seg ei lita stund. Difor har mange av desse plantane vanskeleg for å leve når vi tek dei med oss heim. Det skadar likevel ikkje å prøve å plante dei om i næringsrik jord (gjerne i «svart gull» frå makkompost) og gje dei meir plass. Basilikum til dømes, kan delast slik at kvar stengsel får sin eigen potte. Kvar stengsel er faktisk ein eigen plante som vil vekse seg stor. Når ein tek av urtene, er det viktig å plukke dei underste, nyare blada. Dei store blada er solpanelet til planten.

Jord
Ein god tommelfingerregel er at næringsrik jord gjev næringsrike plantar. Mykje av jorda vi får kjøpt på butikken i dag er laga av torv. Ikkje berre er dette ein dårleg deal for miljøet, det er og svært lite næring i jorda. Det beste er å kompostere si eiga jord, og kor kult er ikkje det å plante mat av og i matavfall? Alt rett frå kjøkkenet. Gode luktfrie alternativ for leilegheiter utan hage er makkompost og den japanske fermenteringskomposten Bokashi. Det skadar heller ikkje å ta ein kompostmakk eller to i pottene. Planten matar makken og makken matar planten. Vinn-vinn for dei og deg. Sjekk gjerne ut posten om urban dyrking for meir inpirasjon.
Lukke til!
Toppfoto: Kristine Ullaland