Mat og drikke

NB – Denne artikkelen er fleire år gamal og nokre av butikkane kan ha flytta eller lagt ned.

Her finn du oversikt over eit knippe butikkar i Bergen som tilbyr mat- og drikkevarer utan emballasje.

Korleis gå fram? For å handle emballasjefritt må ein først ha behaldarar til matvarene. Til tørre matvarer kan du bruke tøyposar. Desse kan du enten lage sjølv av gamle laken eller bestille dei her (Iherb). For våte matvarer kan du bruke glaskrukker, som til dømes gamle syltetøyglas. Om du ynskjer større glas til kjøtt og fisk passar desse godt. Handlenett får du kjøpt blant anna hos Reindyrka og Godt Brød. Til brød kan du bruke eit putevar eller eit kjøkkenhandkle.

Det som er so flott med emballasjefri handel er at du ikkje treng å kjøpe meir mat en du treng. Dette sparar miljøet, lommeboka di og helsa di. Ved å ta avstand frå matemballasje unngår du emballasje som i fleire testar viser forekomst av miljøgifter. Som forbrukar kan ein ikkje halde tritt med produsentane. Det enkle er ofte det beste. Kjøp utan emballasje.

R. Birkeland

Bystasjonen, Strømgaten 8

R. Birkeland held til i 1 etasje, Bystasjonen, Bergen. Dei har eit rikt utval av kjøtt og fisk. Dei fleste av kjøttvarene deira kjem frå den lille slaktefabrikken H. Brakstad, som har lokale 10 minutt frå Bergen sentrum.

For mange kan det verke utenkeleg å kjøpe kjøtt frå desse kjøttkolonialane, fordi ein tenkjer at prisen er for høg. I følge dei ansatte ved R. Birkeland er det mange som kjem innom og kommenterar at dei synst prisen er for høg, men kjem tilbake etter å ha vore på andre matkjedar der prisen er høgre.

Dei tilbyr og fleire ulike kjøttpålegg, som alle er i lausvekt. Desse matvarene er ikkje tilsatt konserveringsmiddel og har ein varigheit på fire dagar. Dei sel ulike typar geitost og smør (begge innpakka i plast).

Hos denne kolonialen kan du få kjøpt kaffi og egg i lausvekt. Egga er frå frittgåande høner, men er ikkje økologiske. Det kan virke litt forvirrande, men egg frå frittgåande høns er ikkje frittgåande. Dersom du ynskjer egg frå frittgåande høns må du kjøpe økologiske egg. Det kan du kjøpe på dei fleste daglegvarebutikkane. Lyst å lære meir om økologiske egg og egg frå frittgåande høner? Sjå Christine Koth demonstrere det her.

Lenke til R. Birkeland si heimeside finn du her.

1113Kjøttbutikken2

1113Kjøttbutikken

1113kjøttbutikkenKaffi

Kvamme Kolonial og Fetevarer

Strandkaien 18, Bergen

I motsetning til R. Birkeland som har spesialisert seg på brunost, sel Kvamme eit større utval ulike ostar i lausvekt (oppbevart i plast). Dei sel og mange ulike typar kortreist syltetøy, juice og saft, samt heimelaga smør, egg, bacon og sjølvproduserte spekelår. Smøret har dessverre emballasje, men er det beste alternativet i Bergen sentrum. Egga er dessverre heller ikkje økologiske, men frå frittgåande høns. Usikker kva forskjellen er? Sjå Christine Koth demonstrere det her.

Lenke til heimesida til Kvamme Kolonial finn du her.

Kvamme

DSC_0810

Reindyrka

Strandgaten 21, Bergen

Reindyrka, som held til rett ved Svaneapoteket i Christian Michelsengate 1, er ein av dei få forhandlarane som tilbyr ris, quinoa, gojifrø, sukker og frukostblanding i lausvekt. I tillegg har dei eit godt utval av frukt og grønsaker, der fleire av produkta kjem frå lokale forhandlarar, blant anna Finnegarden. Dersom du ynskjer å bestille direkte frå garden kan du gjere det her.

I hjørne av grøntavdelinga har Reindyrka ein billigkrok der dei sel matvarer som byrjar å bli gamle, til ein rimeleg pris. Reindyrka har også eit rikt utval av vegetar- og vegan-mat, samstundes som dei også tilbyr både viltkjøtt og økologisk kjøtt (alle kjøttprodukta er innpakka i plast).

Ferskvarene blir levert i kassar og har ikkje meir emballasje en det dei har når dei står i butikkhyllene. Reindyrka tilbyr også refill til produkt som til dømes vaskemiddel for kle og oppvaskmiddel.

I februar starta Reindyrka ein kampanje der dei oppfordra sine kundar til å ta med eigne handlenett og behaldarar til varer. Berre frå februar til mars har 100 fleire tatt med eigne nett og behaldarar.

Sjekk ut Reindyrka si heimesida deira eller følg dei på facebook.

111Lausvekt2

Reindyrka2

Reindyrka1

Strandkaien Fisk

Strandkaien 18

Strandkaien Fisk har alt du måtte trenge av sjømat. Deira ferskvaredisk bugnar av ulike typar fisk, til ein fin pris. Dei sel også fiskekaker og anna ferdigmat dersom du ynskjer det.

Heimesida deira finn du her.

DSC_0802

Herskap og Tjenere

Galleriet, Torgallmenningen 8

Herskap og Tjenere har eit stort utval med te til fine prisar. Absolutt den beste plassen i Bergen for te. Dei sel også godteri i lausvekt.

Facebooksida deira finn du her.

DSC_0794

DSC_0792

Kjøttbasaren

Vertlidsallmenningan 2

Kjøttbasaren tilbyr ei rekke matvarer av kvitt og rødt kjøtt, tyttebær, grønsaker, ostar (oppbevart i plastfolie), oliven, kaffi og brunt sukker lausvekt. Mykje av desse varene er lokale. Dei tilbyr også spennande lokale produkt i glass. Kjøttbasaren har lang tradisjon med sal av matvarer, og blei starta rundt 1870.

Sjå heimesida deira her.

Kjøttbasaren.Tyttebær

DSC_0879

DSC_0878

DSC_0882

Solbrød

Bystasjonen, Strømgaten 8

Dei er fleire gode bakeri i Bergen sentrum som tilbyr brød og andre bakster utan emballasje. Solbrød er ein av dei. Dei har eit godt utval av ulike typer brød til ein ok pris.

DSC_0860

Nøtter frå Den Lille Nøttefabrikken

Den Lille Nøttefabrikken har innført lausvektsal i omlag alle daglegvareforhandlarane som sel deira varer. Kiloprisen er lik på alle produkta, slik at du lett kan blande saman det du måtte ønske.

Lenke til heimesida deira finn du her.

DSC_0865

12 tankar på “Mat og drikke”

  1. Eg håpar at fleire gjer som deg- lagar ei enkel og god oversikt over butikkar i nærområda som brukar mindre emballasje. Det gjev oss forbrukarane ei god rettleiing om kor vi bør handle. Dette er starten på ein god trend! Veldig bra, Kristine!
    Mvh Therese

    Likt av 1 person

  2. supert med en sånn oversikt! Det er også flere innvandrerforretninger som selger en del varer i løsvekt. Oliven mat (mellom Sparebanken Vest og Marken) og Global food ved bystasjonen har iallefall mye i løsvekt av både frukt, grønnsaker og jeg tror også de har en del nøtter og tørket frukt og sånt.. Tviler på at det er økologisk, men det er iallefall uten plast. Og når det gjelder prisen så er det i alle fall mye å spare. Kjøper man for eksempel en liten knott med ingefær i plastbeger på Kiwi må man fort ut med rundt 20kr, mens en tilsvarende stor bit uten plastbeger koster sånn 2-3kr på Oliven mat. Man kan jo bli rik av sånt.

    Likt av 1 person

  3. Hi there! We are visiting Oslo and Bergen next week and I love you for providing me with all this info! I needed some Google Translate, but despite that it was great tips on zero waste shopping in those two cities. I’m a Zero Waste Blogger myself, and member of the International Zero Waste Bloggers Network. I’d love to invite you to become a member, just visit our website. http://www.zerowastebloggersnetwork.com, and click «Become a Member». Thanks again!!. if you read this soon enough, maybe we even have a chance to meet up in Bergen this Sunday? (10th January). Let me know if you’d like!

    Likar

    1. Hi Annika. So nice to hear from you. I am glad to hear that you find my page useful. Jùle contacted me regarding the network some months ago and I actually thought I was a member. Thanks for notifying me!

      Looking forward to check out your page. And sure, would love to. I’ll send you a mail.

      Best regards,
      Kristine

      Likar

Kommenter innlegget

Grønare kvardag har som intensjon å bli ein hub for folk som ynskjer grei og oversiktleg informasjon om korleis ein kan få ein grønare livsstil. Sida er inspirert av Zero Waste-bevegelsen.