Refuse, Reduce, Reuse, Recycle, Rot

Refuse, Reduce, Reuse, Recycle, Rot. Slik lyder null-søppel pioneren, Bea Johnsons‘ mantra. Avfall er noko vi anser som naturleg, vi ensar det ikkje. Det har blitt ein del av vår kvardag. Vi knyter den fulle søppelposen og stappar den ned i det fulle bossdunken. Sjølv om det er tre dagar til neste tømming er den allereie så full at vi ikkje får att lokket. Burde eg skaffe ein større dunk tenker vi kanskje?

Kva betyr det å kaste? Kvar havnar det? Og kvifor kastar vi i utgangspunktet?

Lær korleis du kan minske forbruket ditt.

Steg 1: Sei nei til det du ikkje treng (Refuse)

Det viktigaste punktet i denne lista er dette punktet. Sei nei til det du ikkje treng. Det krev at du blir bevisst på alt du tek med deg inn i heimen din (eventuelt lar andre ta med inn i heimen din). Vi likar godt gratisprodukter, som til dømes studentpakken som blir delt ut kvart semester, såpe og sysett frå hotellrommet eller ein fin penn frå ein konferanse. Konsum er meir en eit resultat av ein varehandel. Det skjer når vi tek i mot flyers på gata, når vi tek i mot eit visittkort og når vi plukkar med oss brosjyrer. Vi konsumerar indirekte. For kvar gjenstand vi tek i mot, skapar vi etterspurnad og signaliserar at vi treng meir av desse varene. Det blir difor produsert meir.

Enkle ting du kan gjere for å få ein meir søppelfri kvardag: Rydd mailen din for abonnement og reklame du ikkje les. Sei nei til reklame i posten ved å henge opp ein lapp (Posten tilbyr dette). Ikkje ta i mot gratisprøver og reklamematriell. Ta avstand frå eingongs-produkter som til dømes plastpose, sugerør og plastglas.

4015200933_21193fb4d8_b
Foto: Thomas Andersson
Steg 2: Reduser det du ikkje treng (Reduce)

Vi nordmenn forbrukar heile 2,7 jordklodar. Reduksjon av vårt forbruk er difor ein viktig post for miljøkrisa vi står ovanfor. I tillegg til å ha eit konsum over evne, som også fører til storproduksjon av søppel, ligg vi og på verdstoppen som eit av verdas mest “giftige” befolkning. Dette på grunn av det høge nivået av kunstige kjemikalier vi har i kroppen vår. Mange av varene vi kjøper, som til dømes gore-tex jakker, er behandla med kunstige kjemiske stoffer for å få visse eigenskapar. Fleire av desse stoffane blir ansett som miljøgifter. Om vi i tillegg droppar å vaske det nyinnkjøpte sengetøyet, eller den nye dongeribuksa, vil stoff som kanskje er meint for å halde vekk insekt eller restar etter produksjon av produktet, komme i direkte kontakt med huda. Når vi konsumerar mykje, er dette prosessar som skjer ofte. Velstanden og forbruket vårt blir difor vår byrde. Dersom vi byrjar å evaluere våre materielle ynskjer og behov, er det godt mogleg vi ikkje treng ei ny jakke. Kanskje vi faktisk allereie har to for mykje? Norske menn slit med reproduksjon, og det spekulerast i om dette har samanheng med miljøgiftene vi omgir oss med.

Steg 3: Gjennbruk (Reuse)

Sidan vi i steg 1 tek avstand frå eingangsprodukt, blir desse bytta ut med produkt som kan brukast omatt, som til dømes ein tøypose i staden for ein plastpose. Å kjøpe matvarer i lausvekt, i medbrakt emballasje som kan brukast omatt, er ein flott måte å unngå å ta med seg unødig plastemballasje heim, unngå kunstige kjemikalier rett på matvarene, samtidig som du kjøper akkurat den mengden du treng av dei ulike matvarene. Om du bur i Bergen kan du sjå oversikt over alternativ til emballasjefri mat og drikke her.

4308274479_583cda9372_b
Foto: Chiot’s Run

Ved behov for nye varer som kle og møblar, er det mykje fine alternativ på bruktmarkedet. På Finn.no har dei ein seksjon for sal, ein for ønskes kjøpt og ein for gis vekk. Loppemarked er også eit god alternativ, samt Fretex og vintage-butikkar. Det kan vere lurt å kjøpe varer som kan brukast på fleire måtar. Til dømes ein kaffikopp som og passar som pennholdar, eller ein dress du både kan bruke på kontoret og i selskap.

Steg 4: Resirkuler (Recycle)

Null-søppel livstilen handlar om meir en resirkulering, det handlar om å ta avstand frå søppel før det kjem inn i huset. Dette eliminerar mykje resirkulering. For kvart kjøp vi gjer, bør heile livssyklusen til varen bli vurdert, også varens mulighet for å bli resirkulert. Plastikk er ikkje berre giftig å produsere, konsumere og resirkulere, kvaliteten blir også forringa for kvar gong varen blir resirkulert og ender til slutt opp på søppelfyllinga. Det er lett å bli forført av ord som “nedbrytbar” eller “komposterbar” plastikk. Sjølv om desse produkta blir presentert som “nedbrytbare” ender dei som oftast i vanleg søppel. Desse produkta skapar også stor forvirring blant miljøbevisste forbrukarar og ansatte i resiruleringsbransjen, og produkte ender dessverre ofte med å forringe resirkuleringsarbeidet.

Steg 5: Komposter (Rot)

Det er fleire ulike måtar å kompostere på. Varmkompost og kaldkompost er det mest vanlege i norge. Dersom du ynskjer å starte ein av desse i Bergen, kan du få støtte frå BIR med inntill 1000 kr. For urbane bergensarar er markkompost og elektrisk kompost også eit godt alternativ fordi det både er luktfritt og innevennlig. Markkompost kan du enkelt lage sjølv, men den elektriske komposten er dessverre berre mulig å bestille frå utlandet, noko som gjer den ganske dyr. Komposteffekten er god, og BIR vurderar å innlemme desse to kompostmetodane i deira støtteordning.

423508812_b3c5f9eaec_b
Foto: Joi

Lyst å lære meir? Les Bea Johnson si bok Zero Waste Home. Denne boka er ein perfekt guide for deg som ynskjer ein oversiktleg mal over korleis du kan leve søppelfritt.

Følg Grønare kvardag på Facebook

Toppbilde: Bogdan Suditu

18 thoughts on “Refuse, Reduce, Reuse, Recycle, Rot”

  1. Fantastisk innlegg! Jeg tenker på dette mer og mer, og har tatt mange grep de siste årene for å bli mer miljøvennlig. Resirkulerer, kjøper mye brukt, har shoppestopp og får kompost til høsten. 🙂 Men det er stadig rom for forbedring, og jeg skal lese den boka for å bli enda bedre! 😀

    Likt av 1 person

    1. Thanks Laurie! The page is quite new so I have not gotten that far yet. I see some of my foreign reader’s use Google translate to be able to read the page, as Google translate the whole page. But, as I write in Nynorsk, and not the most common Norwegian, Bokmål, some of the words will not be translated by Google. However, it is ok to use just to get the content of the posts. Best, Kristine 🙂

      Likar

  2. Hei!
    Godt å lese om folk som gjør en forskjell for miljøet!
    I fjor hadde jeg et totalt kjøpefritt år med en lang regel-liste over hva jeg tillot meg og ikke (basert på Irina Lees «Shoppingfri», som jeg fikk det lokale biblioteket til å kjøpe inn). I år har jeg ikke vært riktig så flink, men nesten-! og handler hovedsakelig fra bruktbutikker, loppiser el.l. Så gikk jeg på omsøm-kurs i vinter, og har fått litt dilla på å gjøre om klær fra eget klesskap eller fra Gjenbruket.
    Det jeg syns er vanskelig, er den biten som handler om å unngå plastinnpakkede varer. Skulle ønske det var akseptabelt å ta med seg egen emballasje på butikken, men der er det et stykke fram, gitt…
    Noen gode tips til oss som ikke bor i en by, og derfor ikke har det mangfoldet som du snakker om over her?
    🙂 Sigrun

    Likar

    1. Hei Sigrun!

      Kjekt å høyre at du er så engasjert!

      Angåande medbrakt emballasje, har du hatt noko dårleg erfaring? Sjølv har eg kun positiv erfaring. Eg tek med mine behaldarar på mine nærbutikkar som Meny, Rema 1000, Kiwi og Bunnpris, min lokale slakter og fiskeforhandlar, og har ikkje fått noko negativ respons. Når eg til dømes kjøper kjøtt, først behaldaren vegd før so å bli fylt med mat, so blir maten vegd i behaldaren. Så tek dei prislapp på, som dessverre ikkje går an å resirkulere. Eg sparar meg likevell for innpakninga som også ville gått i restavfallet.
      Dei fleste kommersielle matbutikkar har også nøtter og snop i lausvekt, i tillegg til frukt og grønt. Når eg kjøper prosessert mat eller mat i behaldarar er glas og metall å føretrekke, då desse kan bli resirkulert opp mot 100% og kvaliteten blir ikkje forringa på same måte som plast. Tips: eggekartongar kan ikkje bli resirkulert som papir, men makken elskar eggekartongar. Fin måte å bli kvitt eggekartongen i bytte med svart gull.

      Om du bur på landet har du kanskje ein bonde i nærområdet? Kanskje du kan kjøpe frukt, grønt, egg eller liknande direkte frå bonden? Er det bondens marknad i område? Om du ikkje kjenner nokon du kan spør, er bondens marknad ein fin arena og finne lokale matprodusentar som passar din gane. Om du har ein hageflekk kan du dyrke frukt og grønt sjølv. Eventuelt lage ein liten vindaugefarm. Kanskje du får med deg naboar om ein parcellhage?

      På landet er ein ofte tettare naturressursar som bær og sopp. Mange stadar i Norge er soppsesongen framleis i gang, og den kalde sommaren har ført til ein sein bærsesong. Blåbæra du finn i naturen er mykje meir næringsrike en bæra du finn i butikk, og så smakar dei utruleg godt! Kanskje det er eit vatn nær blåbærtua du kan fiske deg ein fisk?

      Beste helsing Kristine 🙂

      Likar

  3. Hei!
    Så spennende blogg,særlig oppskriftene som var veldig «down-to-earth»og ikke hadde noe «supermat-preg» over seg:)

    Jeg har likevel noen spørsmål dom jeg ofte lurer på ved lesing av «grønne-blogger»..

    -jeg skjønner ikke «miljøaspektet»ved å handle på iherb,når varene der ofte både er pakket inn i plast og det er brukt oljebassert isopor(?-jaffal noe lignende) for å minske knusbarheten via transport,samt at varene skal fraktes med fly fra USA til Norge,kan noen gi meg et forsvar for dette som jeg skjønner?liker iherb selv,men føler jeg «tar med den ene hånda og gir med den andre» når jeg handler der.

    -plastposer.NOE restavfall blir det på en uke uansett hvor hardt en prøver/ønsker i Norge.Selv bor jeg i en kommune med et marginalt miljøengasjement uten bl.a plastgjennvinning og jeg bor selv slik til/leier slik at jeg ikke praktisk kan kompostere.Det eneste jeg bruker plastposer til/eneste grunnen til at jeg av og til spørr etter poser er altså at jeg bruker den i søppelbøtta,og jeg kan ikke ha fulgt med i timen,for hva ellers bruker folk?????

    -…føler også av og til at mange glemmer at det å leve grønt av og til er ganske kostbart…faktisk…snakker veldig av erfaring da jeg er uføretrygdet og ofte måtte ha ta valg jeg ikke ønsker grunnet økonomi…bare noe å tenke på i den «grønne miljørusen»:)

    Hilsen en som prøver å gjøre sitt beste,men som ikke bor slik at de grønne valgene alltid er så praktisk og økonomisk gjennomførbare:):)

    Likar

    1. Hei Slyse, og takk for det!

      Eg forstår at du stiller spørsmål til miljøaspektet ved å handle på iHerb. Eg kjøper sjølv større parti med natron på iHerb då eg til no ikkje har funne noko forhandlarar av større kvantum i Norge. Blei tipsa om å forhøyre meg med min lokale bakar, så det skal eg gjere når eg byrjar å bli tom for natron. Grunnen til at eg lenkar til iHerb og Amazon på Grønare kvardag er at eg ynskjer å inspirere og legge til rette for at folk enkelt kan «kickstarte» ein grønare kvardag dersom dei ynskjer det. Å legge om livstilen i ein grønare retning virke overveldande for mange, men det er ikkje så mykje arbeid som folk trur. Og om ein først har grunningrediensane i heimen, vil det forhåpentlegvis inspirere til å integrere grønare vaner i kvardagsrutinene.

      Angåande plast og restavfall så kompostera eg all matavfall. Eg kompostera også lo frå tørketrommel (bur i kjellarleilegheit), hybelkaniner, dopapirrullar, eggekartongar og så vidare. Då sitt eg att med svært lite restavfall. Eg har også lagt om kosthaldet mitt meir mot friske grønsaker, matvarer som kan kjøpast i større kvantum, og så vidare. Om eg kjøper prosessert mat, kjøper eg i glas eller metall som kan resirkulerast opp mot 100%. Då eg oppdaga Zero Waste blei eg sjølv veldig forundra over korleis ein kunne gjere dette utan alt for mykje styr, men det handlar om å sjå nærbutikken din med nye auge, sjekke ut kolonialen og «innvandrerbutikken» i ditt nærområde. Små endringar gjer også ein forskjell, til dømes handlenett til matvarer og små tøyposar til frukt og grønt. Desse kan du enkelt lage sjølv.

      Eg var av same tanke som deg når eg tenkte på økonomien rundt ein grønare livsstil. Eg lagar alle mine personlege hygieneprodukt sjølv, og brukar gamle vaskeklassikarane som natron, eddik, kaustisk soda til det meste (sjå meny, inspirasjon – Husvask, og alt under oppskrifter). Eg kjøper også stort sett brukte møblar og det er mykje fine kle du kan få tak i brukt. Pengane eg sparar på dette brukar eg i staden på mat av høgre kvalitet en eg kjøpte tidlegare. Det kan vere lurt å tenke sesongvarer når ein handlar mat. Då er dei rimelegare. Om du har frys er det mykje du kan forvelle, eventuelt så kan du hermetisere.

      Av kompostjorda kan du dyrke din eigen mat, enten om det er i vindauget på kjøkkenet, eller om du får låne ein vekkgløymd hageflekk av naboen. Eg tok sjølv kontakt med ein nabo som hadde ein gjengrodd hageflekk for å høyre om eg kunne sette opp plantekassar der. Dei vart kjempenøgde fordi dei ikkje hadde kapasitet til å halde hagen sjølv, og eg fekk ein plass å dyrke salat, gulrøter, reddik og rabarbra.

      Håpar dette var til hjelp. Kjekt å høyre frå deg!

      Ynskjer deg ein fin dag vidare.

      Beste helsing Kristine

      Likar

  4. Så spennende med søppelreduksjonsblogg! Dette har vært en av mine «sidehobbyer» i mange år nå – kjekt å se at det begynner å bli mer mainstream!
    Følger med her videre for inspirasjon (i en verden der de alt for mange syns man helst bør kjøpe nytt 😉 )

    Likar

  5. Hallo! Eg er ein jente på 15, og vil gjerne bli meir miljøvennlig. Kan EG gjere noko spesielt?
    No tenkjer eg at eg kan gi mamma tøyposer i julegave, og kanskje ikkje kjøpe like mykje sjølv, av dumme varar som eg ikkje brukar uansett. Tenkjer og at eg skal gi smarte julegaver til alle, ikkje berre mamma 🙂

    Kva anna kan eg gjere?

    Likar

    1. Hei Thale! Veldig kjekt å høyre at du ynskjer å bli meir miljøvennlig! Det høyres ut som ein god plan å bli meir kritisk til kva du vel å bruke pengane på. Til dømes betalar vi sjeldan den eigentlege prisen for varene vi kjøper. I tillegg er varene gjerne ikkje resirkulerbare og ender som permanent avfall.

      So lurt å gje mor di tøyposar i julegåve! Medbrakte nett er ein super måte å kutte unødig plastemballasje. Det er mange ting du kan gjere for å leve meir miljøvennleg, men det er vanskleg å gje deg konkrete råd utan å kjenne til livsstilen din. Vi har alle våre rutinar, hobbyar og interesser. Noko er lett for meg å endre, medan andre ting er lett for deg å endre. Til dømes har eg bytta ut plasttannkosten min med ein komposterbar tannkost og lagar alle hygieneprodukta mine sjølv, medan eg slit med å ta avstand frå fotofilm, då eg likar å ta bilder analogt. Ein god måte å få oversikt over kva og kor mykje søppel du genererar er å samle opp søppelet dit i løp av ein dag. Kanskje du vil bli overraska over kva du finn ut? Sjølv oppdaga eg at eg hadde veldig mykje komposterbart søppel og starta difor med urban kompost.

      Om du ynskjer ein konkret utfordring, kva med å ta avstand frå plastflasker? Om du ynskjer brus kan du kjøpe i aluminium eller glas. Dei nye plastflaskene kan dessverre berre resirkulerast nokre få gonger før dei blir permanent avfall, medan glass og metall kan resirkulerast omlag i det uendlige.

      Håpar dette var til hjelp.

      Ta gjerne kontakt om det er noko eg kan hjelpe med! Ynskjer deg lukke til. Heia deg Thale!

      Likar

Legg att eit svar

Please log in using one of these methods to post your comment:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Grønare kvardag har som intensjon å bli ein hub for folk som ynskjer grei og oversiktleg informasjon om korleis ein kan få ein grønare livsstil. Sida er inspirert av Zero Waste-bevegelsen.

%d bloggarar likar dette: