Kapselgarderobe – slik gjer du det

Kvar kjem kleda våre frå? Kva vil dei vere for oss og kvar vil dei ende når vi ikkje lenger treng dei? Og kor mange kle treng vi eigentleg?

Dei færraste kleda våre er dyrka, foredla og seld i vårt nærmiljø. Kva arbeid som ligg i å produsere ein kjole i bomull eller sokkar i viskose er noko dei aller fleste av oss veit lite om. Kleda våre blir også stadig billigare, og i ein travel kvardag blir det gjerne nedprioritert å setje seg inn i kva som er det riktige kjøpet av klede, enten det gjeld ting som passform og materiale, miljørekneskap i produksjon eller etisk produksjon. I snitt har vi 359 plagg kvar. Frå 1995 til 2010 har mengda tekstilavfall frå hushalda auke frå 29.000 tonn til 52.000 tonn, og dette er eit tal som mest truleg har auka ytterlegare dei siste ti åra.

caleb-lucas-sEuLBcbPfRA-unsplash.jpg
«Fashion is a form of ugliness so intolerable that we have to alter it every six months» – Oscar Wilde. Foto: Caleb Lucas

Det er lett å tenke at dagens mentalitet rundt mote er noko som «alltid» har vore slik, men forbruket vi ser i dagens samfunn er av ein skala som ikkje kan samanliknast med noko tidlegare. Dagens produksjon av kle bidreg til miljøforureining ved spreiing av uønska kjemikaliar naturen, krev mykje energi å produsere, og vask av tekstilar er med på å spreie mikroplast gjennom vaskevatnet. Vi veit lite om kva konsekvensar dette har for oss og for naturen. Samstundes er eit auka forbruk av klede og ei auka mengde tekstilavfall med på å legge press på det allereie pressa behovet for nye resursar.

Dersom alle skulle levd som oss i Norge hadde vi trengt 3,4 jordklodar, i følgje FN.  Dette talet er høgt på grunn av mange aspekt ved vårt moderne samfunn, og det finnast difor ikkje berre ei løysing. Likevel er det ikkje grunn til å kimse vårt forbruk av kle, og ein minimalistisk garderobe i form av ein kapselgarderobe kan vere ein fin måte å få ein meir berekraftig garderobe. Men kva er eigentleg ein kapselgarderobe?

Kapselgarderobe
Omgrepet «Kapselgarderobe» blei først nytta på 1970-tallet av Susie Faux som eigde ein butikk i London kalla «Warderobe» (garderobe). Dette var ein garderobe med få, essensielle plagg som var klassiske, og difor ikkje ville gå av moten. Omgrepet har i dei siste åra blitt popularisert, og det er ulike definisjonar på kva som er ein «kapselgarderobe», men det som går att er at ein bygger ein garderobe der plagga er i same fargeskala, og difor enkelt kan kombinerast med kvarandre. At kleda i garderoben passar kroppsfasongen og fargane dine, at den består av klassiske plagg eller plagg du likar uavhengig av kva som bevegar seg på motefronten. Produkt av høg kvalitet som varer og lar seg reparere. Les meir om korleis du forlenga levetida til klea dine her.

fleur-treurniet-475628-unsplash
Tekstilar av høg kvalitet er lettare å reparere. Foto: Fleur Treurniet

Du finn mange artiklar om kapselgarderobar der ein har 33 kle og tilbehøyr, som ein bytar ut kvar 3 månad, men ein kapselgarderobe kan ha mange ulike format. Sjølv har eg ein vintergarderobe og ein sommargarderobe, i staden for fire ulike «kapslar». For å bygge ein kapselgarderobe er steg ein å få oversikt over kva ein allereie har.

Steg 1 – Kva har har eg, kva brukar eg og kva brukar eg ikkje? Garderobe-detox
Har du nokon gong sett på eit fullt klesskap og tenkt at du ikkje har nokon ting å gå i? Du er ikkje aleine. Det betyr gjerne at du har eit skap med kle som du enten ikkje føle deg vel i på grunn av fargen, mønsteret, snittet, materialet eller kanskje plagga rett og slett ikkje passa. I følgje ei sak i New Street Journal blir berre 20% av garderoben vår nytta til dagleg. Kvifor beheld vi kle i skapet som vi ikkje brukar?

Gå gjennom kleda dine og sorter kleda i to bunkar

1. Kle eg brukar

2. Kle eg ikkje har brukt dei siste tre månadane.

Sjå over kleda du ikkje har brukt dei siste tre månadane. Er grunnen at dei ikkje passar skikkeleg? At du synst plagget er fint men at du ikkje føler deg vel i plagget? At plagget må reparerast eller er øydelagt? At du ikkje har noko å bruke plagget saman med? Eller at det aldri er ein passande tid å bruke plagget (har du for eksempel gallakjolar men aldri går på galla)?

keagan-henman-Won79_9oUEk-unsplash.jpg
Nokre ynskjer ein minimalistisk garderobe og går for fleire sett av same plagg. Foto: Keagan Henman

Sorter kleda du ikkje brukar i fire bunkar

1. Doner

2. Reparer sjølv (må gjerast innan dei neste 7 dagane)

3. Send til skreddar

4. Avfall (skal leverast som tekstilavfall, sjå oversikt.

Lag ein oversikt: Kva kle treng du?
Kva kle ein treng i skapet og kva ein faktisk treng er ikkje nødvendigvis det same, og her vil det vere ulike behov etter kva kvardag vi har. Tenk over kva din ideelle garderobe ville vore for at kvardagen din best mogeleg.

Tenk over kva kroppsfasong du har og kva som du trivast i av det du allereie har. Kva material du likar best og kva som er i tråd med dine verdiar. Lag gjerne ei liste over kor mange plagg du treng av kjolar, bukser, skjorter, t-skjorter, undertøy og sokkar.

Kva med å bygge ein garderobe slik at du/ familien din kan redusere klesvask? Eksempelvis krev naturmateriale mindre vask fordi lukt ikkje sette seg på same måte som i syntetiske materialar av polyester, nylon og rayon som er eit oljebaserte fiber. Kle som kan vaskast saman, enten fordi dei er i same fargetone eller i same farge er også med på å redusere klesvasken og spara deg tid på klesvask. Det gjer det også lettare å kombinere plagga du har i garderoben.

matthew-hamilton-tNCH0sKSZbA-unsplash.jpg
Bygg kapselgarderobe etter kva du føle deg vel i, og ikkje det som er på moten. Foto: Matthew Hamilton

Gjer din eigen versjon av kapselgarderoben

Det finnast mange ulike lister som remsar opp mogelege samansetningar for kapselgarderober, og søk deg gjerne fram om du ynskjer noko slikt å bygge på. Det er likevel viktig å hugse på at vi har ulik livsstil og difor vil ha noko ulike behov når vi set saman ein garderobe. Personleg har eg delt garderoben min i to og ikkje fire, ein sommargarderobe som består av lette plagg som eg kan dresse opp eller ned etter anledninga, lette skjorter og nokre få bukser som kan passe i mange ulike anledningar. Vintergarderoben består i stor grad av ull og bomull i jordtonar, slik at eg lett kan legge lag på lag når det er ekstra kaldt.

Moderne og tidlaust
Å velje klassiske plagg eller plagg som er i ein stil du har likt over lengre tid, er med på å bygge ein berekraftig garderobe som du kan bruke over mange år. Når eg ser noko eg likar ventar eg gjerne opp mot eit år før eg kjøper plagget. Dersom eg framleis tenker på plagget veit eg at eg mest truleg kjem til å bruke det mykje over lang tid. Du treng ikkje vente like lenge, men finn din eigen måte å skilje impulskjøp frå kjøp som bidreg til langsiktige investeringar i din garderobe.

Kjøp brukt

Det er eit overskot av brukte kle på marknaden. Det er difor eit svært viktig å kjøpe brukt når du treng noko nytt. Psykologisk forelding gjer også at kleda vi tek med oss heim gjerne fell i pris det sekundet vi har dradd kortet i butikken, og i følgje Thompson, mannen bak boka Rubbish Theory, er det vanleg at vi får rundt 20-25% av varen dersom vi sel den vidare, sjølv om den ikkje er brukt. Det er kjedeleg når ein sel, men som kjøpar betyr det at du kan få kjøpt kle av svært god kvalitet for ein brøkdel av det plagget kosta nytt. I skrivande stund sitt eg i ein silkebluse som eg betalte nettopp 20 prosent av original kjøpesum. Eg hadde mest truleg aldri sett meg råd til å kjøpe plagget med den originale prisen.

Få kleda tilpassa hos ein skreddar.

Har du plagg du likar, men som ikkje passar heilt. Få dei tilpassa hos skreddar. Det er rart kva vi tenker på som luksuriøst. Det å få kle tilpassa hos ein skreddar er gjerne noko vi berre gjer med bunadar, brudekjolar og findressen. Men dersom du byrjar å redusere innkjøp av nye kle, og heller investera i kle av god kvalitet som du likar, i god kvalitet, er det mykje billigare å få plagga tilpassa hos skreddar.

Slik vel du kvalitet over kvantitet

Å lære gjenkjenning av god kvalitet tek tid, men ved å vere merksam på dette blir det lettare og lettare for kvar gong. Sjå gjerne over saumar og kjenn på tekstilen til plagget før du kjøper det. Er det eit godt snitt på plagget? Sitt det godt på kroppen?


Mange kle som kostar meir, har også betre kvalitet. Vel naturlege tekstilar som hamp, lin, bomull, silke, ull, heller enn syntetiske tekstilar som polyester, rayon og akryl (les meir om ulike tekstilar her) .Er det vanskeleg å velje vekk tekstil i syntetisk materiale? Hugs at av plagga i syntetisk materiale, som polyester, har også kort levetid. So sjølv om det på kort sikt er billigare enn å invistere i kvalitet, vil det på sikt ikkje lønne seg dersom klea har kort levetid.

Lukke til med kapselgarderoben din!

Toppfoto: Norwood Themes

Om Grønare kvardag

Grønare kvardag inneheld ikkje sponsa eller betalte innlegg og er støtta av lesarane gjennom Patreon. Denne posten er laga med støtte frå Patreon-støttarane, Kristoffer, Martin, Synnøve. Siri K., Therese, Solhild, Taryn, Rakel, Kristin, Ida og Siri T. Takk for dykkar bidrag! Dykkar bidrag gjer det mogeleg for Grønare kvardag å vekse. Støtt gjerne Grønare kvardag på Patreon du også.

Ynskjer du meir informasjon om korleis din arbeidsplass kan redusere avfall, eller ynskjer hjelp til å utvikle ein Zero Waste-strategi? Ta kontakt med Zero Waste Norge. For foredrag om sirkulærøkonomi eller Zero Waste – book her.

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.